Hareid mot 2030 – ynskje om innspel til berekraftsprosjekt innan 26. september

Saman er vi best! Vi vil gjerne høyre dine idéar og tankar rundt kva som bør gjerast her i Hareid som ledd i å nå FN sine berekraftsmål!
Dette er FN sine 17 berekraftsmål - har DU innspel til korleis vi skal nå dei, send ditt innspel innan måndag 26. september. FN-sambandet

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møre og Romsdal har mål om å verte berekraftsfylke nr. 1 i Noreg.

I samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune er Hareid folkebibliotek eit av fire bibliotek i fylket som er med i eit berekraftsprosjekt der målet er å arbeide meir strategisk med berekraft og utvikle eigne prosjekt i sine kommunar som eit ledd i å nå berekraftsmåla.

Bilete av gruppe på 10 personar - Klikk for stort bileteBibliotekarar m/ fleire frå Ålesund, Sula, Hareid og Sunndal saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og Framtidslaben - samla for å jobbe for berekraftige bibliotek. Møre og Romsdal Fylkeskommune  I den samanheng ynskjer biblioteket innspel frå alle som sit med idéar og tankar rundt kva som bør gjerast her i Hareid kommune for at vi i fellesskap skal kunne nå berekraftsmåla.

Alle tankar rundt berekraft i Hareid kommune er velkomne!

Kommunen sin berekraftskoordinator, Nora Maria Rognstad, er med på laget og saman med henne vil vi sjå om innspel frå deg kan innlemmast i prosjektet.

I seg sjølv er bibliotek berekraftige ved å låne ut bøker, formidle kunnskap og ved å vere ein open møteplass. Vi vil prøve å finne ut kvar biblioteket bør setje inn meir ressursar for å ta del i arbeidet med å gjere Hareid kommune meir berekraftig og eventuelt utvikle nye tilbod til publikum.

Idear vi har jobba med til no er til dømes:

  • Grøn mobilitet - Kva skal til for at innbyggarane skal velje sykkelen?
    Sykkelveke med gratis sykkelverkstad, utlånssystem for el-syklar, fokus på trafikktryggleik med opplegg for medverknad: Korleis legge til rette for grøn mobilitet?
  • Sirkularitet
    Fokus på delingskultur, klesbytedag, redesign, legge til rette for sal/bytte av klede og utstyr, foredrag innan temaet, kan noko gjerast med avfall frå bedrifter i Hareid?
  • Sjølvforsyning
    Fokus på matsvinn, lokal mat, frøbibliotek, foredrag innan temaet.
  • Folkehelse/utdanning
    Kva kan biblioteket gjere for å møte den eldre befolkninga sine behov?, nye møteplassar, integrering, psykisk helse, ulikheiter mellom kjønna, våre framandspråklege, leseferdigheiter med meir.

Vi håpar at nokon har innspel til oss, alt frå idear til gode referanseprosjekt og samarbeidspartnarar! 

Frist for å svare oss er måndag 26. september!

Send innspel på e-post til:

Rådgjevar Nora Maria Rognstad og/eller Biblioteksjef Anne Vasstrand
Eining for Næring, kultur og busetting

Klikk på lenkene under for å få meir informasjon om: