Hareid-topp med i radikal innovasjons-råd

Kommunane må gjere radikale grep for å møte mellom anna klimautfordringar, aldrande befolkning og strammare økonomi. Rådmann i Hareid, Ragnhild Velsvik BergeTil venstre foran står Programdirektør for Partnerskap for radikal innovasjon, Monica Fossnes Petersson og leder av Strategisk råd for innovsjon og forskning, Tine Sundtoft sammen med Lars Bjerke, Asker kommune, Anne Skau, Viken fylkeskommune,Per Kristian Vareide, Stavanger kommune, Arne Skogsbakken, Søndre Land kommune, Morten Wolden, Trondheim kommune, Britt Elin Steinveg, Tromsø kommune, Ragnhild Berge, Hareid kommune, avdelingsdirektør i KS, Silje Anine Moss og områdedirektør i KS Kristin Weidemann Wieland. KS , er med i råd som skal finne løysingar.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det er KS som har etablert strategisk råd for innovasjon og forsking. Rådet skal støtte administrerande direktør i KS, Lasse Hansen.

- Samansette problem lar seg ikkje løyse på tradisjonelt vis, men krev samhandling på tvers av sektorer, profesjonar og forvaltningsnivå, seier KS-direktør, Lasse Hansen til KS sin nettside.

Han håpar at det å jobbe i partnarskap med medlemmar og andre samfunnsaktørar skal gjere at ein greier å utvikle ein berekraftig offentleg sektor for framtida.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

I det nyetablerte programmet Partnerskap for radikal innovasjon skal ti toppleiarar frå utvalde kommunar og fylkeskommunar gi råd til KS i arbeidet med å utvikle heilt nye løysingar for eit berekraftig samfunn. Rådmann i Hareid, Ragnhild Velsvik Berge, er ein av desse leiarane.

- Det er ei glede og ære å få vere med, og det har stor nytteverdi i mi rolle som rådmann for Hareid. Eg får god innsikt i kva som vil vere kloke val for ei god samfunnsutvikling for kommunen vår, seier ho.

Partnerskap for radikal innovasjon er i fyrste omgang ein treårig satsing og det er ingen eigenandel for kommunen. Programmet skal arbeide med samfunnsutfordringane som er for store til at enkeltkommunar å løyse åleine og for komplekse til at dei berre kan bli forstått frå ein enkelt ståstad.

Medlemmar i rådet er:

  • Tine Sundtoft, fylkesrådmann i Agder fylkeskommune, leiar av rådet
  • Ragnhild Berge, Hareid kommune
  • Lars Bjerke, Asker kommune
  • Jan Arvid Kristengård, Larvik kommune
  • Anne Skau, Viken fylkeskommune
  • Arne Skogsbakken, Søndre Land kommune
  • Britt Elin Steinveg, Tromsø kommune
  • Trude Andresen, Øvre Eiker kommune
  • Per Kristian Vareide, Stavanger kommune
  • Morten Wolden, Trondheim kommune