Bilete frå Torvløa på Rotarystien, som er det mest populære turmålet i Hareid.
Erlend Friestad
Heile 13 prosent av innbyggarane i Hareid kommune er registrerte som Stikk Ut-brukarar. Ingen andre kommunar på Sunnmøre kan vise til ein høgare deltakardel! Det er svært gledeleg og viser at innbyggarane i Hareid er flinke til å nytte både nærmiljøet og dei mange flotte turmåla kommunen har å by på.
Hareid sine Stikk Ut-brukarar har registrert 20 644 turar i eigen kommune og 6 860 turar i andre kommunar. I gjennomsnitt registrerte kvar brukar 12,3 turar, noko som er nest best på Sunnmøre.
Den mest besøkte turen i Hareid var igjen Rotarystien med heile 7 445 registreringar, og vart den mest besøkte turen på Søre Sunnmøre! Dei to nye turmåla; Indre molo og Plassane gapahuk, fekk også ein svært god start og vart høvesvis nummer to og tre på lista med 5 280 og 4 014 registreringar. Sjå fullstendig liste i botn av artikkelen.
Totalt registrerte 2 267 personar turar i Hareid gjennom Stikk Ut, så i tillegg til Hareidsbrukarar får vi også besøk frå mange andre kommunar som vil teste dei flotte turmoglegheitene i kommunen.
Stikk Ut gjer det enklare å finne nye turmål, oppleve nærområdet og gjere fysisk aktivitet til ein naturleg del av kvardagen. Auka aktivitet kan gi store gevinstar både for den enkelte og for samfunnet.
Er du nysgjerrig på kva meir fysisk aktivitet kan bety for folkehelsa? Då kan du prøve Stikk Ut sin folkehelsekalkulator og sjå korleis ulike scenario påverkar helsegevinstar og samfunnsøkonomisk verdi.
👉 Prøv folkehelsekalkulatoren
No ser vi også fram mot vintersesongen, som startar 1. desember. Då ventar nye Stikk Ut-turar og mange flotte høve til å oppleve Hareid-naturen også gjennom vintermånadene.