Erlend Friestad
Fredag 13. mars oppdaga kommunen skadar på fleire garderobedører i garderobane ved svømmehallen. Hærverket skal ha skjedd i skuletida.
Skadane er såpass store at ein del av dørene må bytast ut før anlegget kan takast i bruk som normalt.
Vi hadde planar om å opne svømmehallen for svømmeundervisning for barneskuleelevane etter påske. Dette står no i fare for å bli utsett, sidan vi det vil ta tid å reparere / få nye dører. Vi synest dette er frykteleg dumt, sidan dette er noko elevane har gleda seg til lenge.
Desse garderobane har også blitt nytta i gymundervisninga på ungdomsskulen. No må ungdomsskuleelevane tilbake til garderobane i Hareidhallen.
Kostbart for fellesskapen
Arbeidet som må gjerast har ein prislapp på fleire ti tusen kroner, mellom anna på grunn av høg eigenandel på forsikringa. Det er midlar som vi helst skulle brukt på anna.
Politiet er kopla inn
Hendinga er meld til politiet, som har vore på ungdomsskulen for å snakke med elevane.
Ei viktig påminning heime
Hareid kommune har vanlegvis høg terskel for å omtale hærverk offentleg. Vi ønskjer ikkje å gi merksemd til slike handlingar. I denne situasjonen råkar skadane likevel så mange elevar, lærarar og aktivitetar at vi må informere.
Vi oppmodar foreldre og føresette til å bruke anledninga til å snakke heime om korleis slikt hærverk kan øydelegge for mange. Vi håpar slike samtalar kan vere med på å hindre nye hendingar.
Når opnar garderobane igjen?
Vi opnar garderobane så snart nye dører er på plass og alt er trygt å bruke. Som sagt, det kan gå til over påske før alt er klart.