Heis flagget 13. juni! Lat oss gi cruisegjestane ein varm velkomst

Når cruiseskipet MS Artania legg til kai på Hareid 13. juni, er det første gong i kommunen si historie at vi får eit cruiseanløp. No oppmodar ordføraren alle innbyggjarar og verksemder med flaggstong om å flagge denne dagen – for å vise Hareid frå si beste side.

kvinne på håbakknotten med flagg i handa. Storfjorden i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Hareid kommune

På morgonen, laurdag 13. juni, kjem det tyske cruiseskipet Artania til Hareid. Om bord er det om lag 1200 passasjerar og 500 mannskap. Dette er ein historisk dag, og kommunen ønsker å markere dagen med flagg og feststemning i bygda.

– Dette er ei heilt spesiell hending for Hareid, og ei moglegheit til å ønskje gjestane velkomne på ein varm og synleg måte. Eg håpar så mange som mogleg vil vere med og flagge, seier ordførar Bernt Brandal.

 

Oppmodar både innbyggjarar og næringsliv

Oppmodinga gjeld alle som har moglegheit til å flagge – både privatpersonar og verksemder med eigne flaggstenger. Målet er at bygda skal vere pynta og imøtekomande når cruisegjestane kjem i land.

– Når gjestane kjem hit for aller første gong, ønskjer vi å skap eit godt førsteinntrykk. Flagga er eit enkelt, men sterkt symbol på gjestfridom og lokal stoltheit, seier ordføraren.

 

Kommunen flaggar på rådhuset og Tusenårsplassen

Hareid kommune vil sjølv flagge på rådhuset og på Tusenårsplassen denne dagen. Ordføraren viser til at flaggreglementet opnar for flagging med det norske flagget ved spesielle høve..

– Det første cruiseskipanløpet i kommunen si historie er utan tvil eit slikt høve. Dette er ein merkedag for Hareid, og då er det heilt rett å heise flagget, seier ordføraren.