Pexels.com
I mai inviterer FAU og Hareid kommune elevar og foreldre til kveldssamlingar med tema rus og ungdom. Gjennom desse samlingane ønskjer vi å støtte foreldre og ungdom i kvardagen dei står i.
Kveldssamlingane blir haldne 12. mai for 6. og 7. trinn, og 19. mai for 8.–10. trinn. Her møtest foreldre, ungdom og fagpersonar for å snakke ope om rus, grenser og vaksenrolla – og om kvifor dei litt «teite» foreldra gjer ein viktig jobb. Samlingane er obligatoriske, og elevane får avspasert timane på dagtid. Tema byggjer på eit føredrag utvikla av KORUS, ved Rita Valkvæ.
Å vere teit = å bry seg
Ungdom treng vaksne som tør å setje grenser, stille spørsmål og vere til stades – også når det kostar litt. Erfaring og forsking viser at tydelege vaksne og føreseielege rammer gir ungdom tryggleik og betre føresetnader for å ta gode val.
Med kveldssamlingane ønskjer vi å gi både foreldre og ungdom meir kunnskap og tryggleik i møte med ei tid som kan vere både sårbar og krevjande. Samlingane gir også rom for dialog – mellom vaksne, mellom foreldre og ungdom, og på tvers av familiar.
Målet er ikkje å peike på kven som gjer rett eller gale, men å styrke fellesskapet rundt barna våre. Når vaksne bryr seg, også om ungdom som ikkje er sine eigne, bidreg det til eit tryggare lokalsamfunn for alle.
Førebygging verkar best når vi gjer det saman
Kveldssamlingane er eit samarbeid mellom skulane, FAU, Kompetansesenter for rus (KORUS), politi, helse, barnevern, SLT‑koordinator og støttande team.
Når ulike tenester jobbar saman, kan kommunen både vere tidleg ute med støtte og sørge for at familiar som treng hjelp, veit kvar dei kan vende seg.
Vi håpar på god deltaking og engasjement – for heldige ungdommar veks ikkje opp aleine, dei veks opp med vaksne som bryr seg.
Alle føresette får invitasjon gjennom Vigilo.