Helsehuset har fått tak

- Eg trur dette er starten på eit nytt Hareid, sa ordførar Bernt Brandal under kranselaget.

Prosjektleiar Paul Arne Ulstein (t.h.) og entreprenør Peter Riise (nr2 f.h.) viser rådmann Ragnhild Velsvik Berge og ordførar Bernt Brandal rundt i Helsehuset. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Entreprenør Peter Rise viser rådmann Ragnhild Velsvik Berge og ordførar rundt i Helsehuset. Her står dei på taket.Torsdag 27. februar fekk Helsehuset tett tak. Tradisjonen tru, blei det feira med eit kranselag. Ordførar Bernt Brandal og rådmann Ragnhild Velsvik Berge var blant dei som tok ordet under markeringa.

Sjå video av talane i botn av artikkelen.

Ordføraren la vekt på at alle som hadde jobba med bygget var viktige og han fortalde også at det er ei glede å passere bygget kvar morgon og kveld og sjå at det tar form.

Helsehuset blir på over 5000 kvadratmeter over tre etasjar og parkeringskjellar. Det skal romme mellom anna bibliotek, helsestasjon, Nav, fylkestannlege og legekontor.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

- Dette bygget vil ha stor betydning for Hareid sentrum. Vi ser allereie no synergiane når Coop bygg ny butikk med fin overgang til Helsehuset. Dette vil vere grunnlaget for vidare utvikling av sentrum. Eg trur dette er starten på eit nytt Hareid, sa Bernt Brandal i sin tale.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge takka for eit fantastisk samarbeid med arkitekt og entreprenør.

- Eg veit de har møtt på diverse utfordringar, men de har løyst dei med eit smil, sa ho.

Ho peika også på den ideelle plasseringa som Helsehuset har fått. Det er eit tema som har fått stor merksemd i bygda og blant dei folkevalde.

- Plasseringa her er heilt perfekt. Det ligg no godt plassert både i miljøgata og i hovudgata. Hadde vi vald ein annan stad hadde vi ikkje fått den same utviklinga av sentrum, sa ho.