Her er den nye kommunalsjefen for læring og kultur

- Eg gler meg stort til å få leie arbeidet med læring og kultur i Hareid kommune, og ikkje minst til å bli kjend med mange gode og dyktige folk, seier Anne-Lise Roald som er ny kommunalsjef i sektor for læring og kultur.

Portrett av Anne-Lise Roald. - Klikk for stort bilete Andreas G. Hesselberg / Øy-Blikk  

Anne-Lise Roald (44), som er frå Vigra, er utdanna siviløkonom botn, men har også pedagogisk utdanning og nordisk språk i fagkretsen. Ho har jobba som lærar både ved NTNU, Fagskulen i Ålesund og Fagerlia vidaregåande skule.

- Med sin utdanningsbakgrunn, breie yrkeserfaring, løysingsfokuserte tilnærming vert Anne-Lise ein god person å ha med på laget. Ho tek med seg god kompetanse på internkontroll frå si noverande stilling som forvaltningsrevisor i Møre og Romsdal Revisjon, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Oppstart for Anne-Lise blir i haust. Ho gler seg til å starte arbeidet, både på  grunn av ansvarsområdet som ligg til stillinga og fordi ho ser Hareid kommune som ei attraktiv kommune å arbeide.

- Anne-Lise har positiv energi og stor konkurransekraft og eg ser fram til å kunne ynskje henne velkomen som ein av oss, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Ho har også erfaring frå Innovasjon Norge der ho var rådgjevar for næringsutvikling. På «fritida» har ho hatt ei lang rekke verv. Dei tyngste er vervet som folkevald i Giske kommune. Der sat ho mellom anna i formannskapet.

Anne-Lise Roald er den andre kommunalsjefen som Hareid kommune tilsett på under éin månad. Den fyrste kommunalsjefen var Ottar Røyset som skal leie velferdssektoren.

- Etter ei lengre periode med sjukefråvær i nøkkelposisjonar er eg veldig glad for å ha fått på plass permanente kommunalsjefar for dei to store sektorane. Kommunen har fått ei godt samansett toppleiargruppe som vil bidra godt inn i vidare utvikling av kommunen, både for kommunen samla sett og for den enkelte fagsektor, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.