Ottar Røyset blir ny kommunalsjef i Hareid

- Eg er svært glad og takksam for å få moglegheita til å lede helse- og omsorgstenestene i Hareid kommune. Eg skal ikkje legge skjul på at dette er noko eg har hatt lyst til å gjere lenge, seier den nye kommunalsjefen for sektor for velferd.

Bilete av Ottar Røyset med hamna i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Ottar Røyset som er utdanna sjukepleiar, har leiarutdanning og brei erfaring frå helsevesenet. Han kjem no frå jobben som seksjonsleiar i Helse Møre og Romsdal. Der har han leia seksjon for ambulante psykiatriske team. Tidlegare har han mellom anna jobba som stasjonssjef for ambulansestasjonane i Geiranger, Herøy og Sande. Han har også vore tilsett i Hareid kommune ved fleire av eininga i sektoren.

 Han er busett i Hareid saman med kone og to barn. Han kjenner kommunen godt, både som tidlegare tilsett, innbyggar og folkevald. Han har åtte år bak seg som leiar av levekårsutvalet.

­Som interessert innbyggar har han følgt godt med på arbeidet i kommunen og sektoren. Han peiker mellom anna på og arbeidet med kvalitetsstandard og den gode helse- og omsorgsplanen som blei vedteken tidlegare i år.

- For å nå dei måla planen, må vi bygge kompetanse, kultur og arbeidsmiljø. Dette kan ikkje en kommunalsjef gjere aleine. Eg ønskjer å være ein synleg leiar som lyttar til gode råd, seier Røyset.

Han løftar også fram samarbeid på tvers av sektorar og med dei folkevalde som avgjerande for å lukkast.

- Eg gler meg til å bli betre kjent med alle, og i fellesskap skal vi skape gode tenester for innbyggarane i Hareid kommune, seier han.

Kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge er svært nøgd med å få ein kompetent og engasjert kommunalsjef.

- Ottar brenn verkeleg for oppdraget og har visjonar og løysingsforslag. Eg ser fram til å samarbeide med han, seier ho.