Erlend Friestad
Helge kjem frå stillinga som rektor på Ytre Herøy ungdomsskule. Han har også lang erfaring frå skuleverket i Volda og Ørsta kommunar, både som lærar og undervisningsinspektør.
- No ønskjer eg å ta med mi samla erfaring med å skape eit kompetent, trygt og godt arbeids-, lærings- og oppvekstmiljø inn i ein ny og større kontekst. Derfor er kommunalsjefstillinga eit naturleg steg vidare, seier han.
Dei siste ti åra har han vore sambuar med Rita, som er frå Hareid.
- Det har gjort at eg har utvikla sterke band til staden, kulturen og folk i kommunen. Eg kjenner meg heime i mangfaldet på Hareid, som liknar mykje på miksen ein finn mellom småbrukar-, småindustri- og fiskarkulturen heime i Austefjorden og akademia i Volda, som begge ligg mitt hjarte nær, seier han.
Kjenner fleire allereie
På grunn av det faglege samarbeidet her på søre Sunnmøre har han også blitt kjend med fleire av einingsleiarane her i kommunen.
- Det har vore ei udelt positiv erfaring og eg ser fram til å bli kjend med resten av dei tilsette i sektoren, seier han
Han kjenner til dei økonomiske utfordringane Hareid kommune står i, og at det betyr at vi må klare oss med svært stramme rammer og prioritere tøft.
- Eg ser likevel fram til å bli kjend med og samarbeide med dei ulike aktørane som skal vere med å setje rammene og forvalte dei - politisk, administrativt og som tilsett. Med god styring, samhald, samarbeid og dedikert innsats av alle, er eg viss på at vi skal kome oss gjennom dette på ein god måte.
Helge kjem til Hareid kommune på fulltid i oktober, fram til då er han frikjøpt i 30 prosent frå rektorstillinga i Herøy kommune.
- Røynd leiar
Kommunedirektør Bent Arild Grytten er særs glad for at Helge Hamre har takka ja til stillinga som kommunalsjef for sektor for læring og kultur. Sektoren har lenge stått utan stabilt leiarskap.
- Det har vore uheldig av mange årsaker, ikkje minst for leiarane i skule og barnehage som altfor lenge vart ståande åleine om utfordringane. Helge er ein røynd leiar med solid skulefagleg bakgrunn. Gjennom rekrutteringsprosessen vart det tydeleg at Helge har stor innsikt i faget og stort engasjement i arbeidet sitt. Eg er viss på at dette blir bra og ser fram til å samarbeide med han i tida som kjem, seier Grytten.