Her er namnet på «restauranten» på Hadartun

Takk til alle innspel som kom inn. No har bebuarane røysta fram det forslaget som dei syntest var best.

Oversiktsbilete av matsalen på Hadartun.  - Klikk for stort bilete Ann Cecilie Garnes Utgård  

Bakgrunnen for konkurransen var at matsalen på sjukeheimen de siste tida har blitt pussa opp og fått nye møblar. Brukarar fortel at dei «føler dei er på restaurant». Det er berre rett og rimeleg at denne restauranten har eit skikkeleg namn.

Vi gjennomførte derfor ein namneinnspelsrunde der det kom inn nesten 30 forslag. Det er bebuarane sjølv som har røysta fram det nye namnet som blir:

Matstovå – med hjarte på rette staden

Det nye namnet er ein kombinasjon av to forslag.

Namnet blei offentleggjort då kjøkenet og dagsenteret arrangerte sommarfest med grillmat og underhaldning for bebuarane onsdag 22. juni.