Hjartestartarar kan redde liv – men då må vi vite om dei

Vi veit det er fleire hjartestartarar i Hareid kommune, men få er registrert i det nasjonale hjartestartarregisteret.

Pexels.com  

At hjartestartarar kan redde liv, såg vi seinast i fotball-EM der den danske spelaren Christian Eriksen fekk hjartestans. Han blei redda av hjartestartar.

Denne gjenopplivinga, direktesendt på TV, har gitt mykje merksemd rundt hjartestartarar i Noreg. Fleire nettaviser har skrive om at vi har mange hjartestartarar i Noreg – men at dei alle fleste ikkje er registrert i det nasjonale hjartestartarregisteret på 113.no/hjertestarterregisteret

Dersom du opplever at nokon rundt deg får hjartestans, skal du fyrst ringe 113. Dei som svarer på naudtelefonen vil då sjekke hjartestartarregisteret for å sjå kvar næraste hjartestartar er. Dersom du ikkje er åleine vil dei be ein av dykk om å hente hjartestartaren og bruke han.

Det vil jo vere dumt om den næraste hjartestartaren ikkje er registrert, og du må bruke meir tid enn naudsynt for å hente det livsviktige verktøyet.

Du kan sjølv sjekke kartet der du er, for å ha oversikt over kvar du finn den næraste livreddaren.

Alle kan nytte hjartestartarar. Dei er laga slik at det skal vere enkelt å bruke dei, og du må ikkje har kurs eller sertifikat. Dei fleste startarane fortel deg kva du skal gjere og snakkar deg gjennom prosessen. Dei vil ikkje gi støyt til dømes om dei er feil brukt.

(Sjølvsagt vil det vere gunstig å ha eit kurs, eller fått litt opplæring, men det handlar mest om å vere litt budd til å takle den svært stressande og traumatiske opplevinga det kan vere å oppleve at nokon rundt deg får hjartestans. Sjå videoar i botn av artikkelen for å få ei innføring.)

Hareid kommune har nå gått gjennom sine eigne hjartestartarar og sørga for at dei er oppdaterte og synlege i registeret.

Vi oppmodar alle andre verksemder, klubbar og organisasjonar i Hareid kommune til å gjere det same.

Til deg som skal registrere

Det finnes to registre. Vi oppmodar alle til å nytte det offisielle, nasjonale registeret de finn på 113.no.

Det er dette registeret som naudetatar, apotek og andre helseinstitusjonar nyttar og peiker til på sine sider. Det er derfor dette registeret som er mest kjend.

Sjå desse videoane for å sjå korleis du brukar ein hjartestarar: