Hjelp ved hjartestans – eit felles ansvar

Den nasjonale førstehjelpsdugnaden «Sammen redder vi liv» vil auke kunnskap og kompetanse slik at fleire kan utføre hjarte- og lungeredning (HLR) og nytte hjartestartar.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

16. oktober er den internasjonale hjarte- og lungeredningsdagen.

Ved hjartestans er det livsviktig at dei i nærleiken startar livreddande førstehjelp. Dette er det viktigaste tiltaket for å sikre at fleire overlever hjartestans i Noreg. Målet er å styrke førsteledda i «kjeda som reddar liv», at dei som er til stades når ulykke eller sjukdom rammar kan bidra raskt, samt 113-sentralane. Slik kan vi redde enno fleire liv.

Heng opp denne plakaten på arbeidsplassen eller i heimen, så er du litt betre budd om du skulle hamne i ein situasjon der nokon i din nærleik får hjartestans.

Hjartestartar er eit svært viktig verktøy for å redde liv. I Hareid kommune har vi hjartestartar fleire stadar. I Hjartestartarregisteret finn du ei oversikt. Det kan vere lurt å sjekke allereie no kvar næraste hjartestartar er, så er du budd på korleis du finn fram i registeret. Medisinsk naudtelefon (113) har også tilgang til registeret og vil vise dei som hjelper til under ein hjartestans til næraste hjartestartar.

For at ein hjartestartar skal vise i registeret, må ho vere oppdatert.  

Har du hjartestartar i di verksemd? Registrer han, så kan du vere med å redde liv.