Høyring: Alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024

Seinast 15. januar kan du uttale deg om utkastet til alkoholpolitisk handlingsplan for perioden 2020–2024. Det er alkohollova med forskrift og alkoholpolitisk plan som er grunnlag for sal- og skjenkeløyve i kommunen.

Klikk for stort bilete Pexcel  

Kvifor har vi ein alkoholpolitisk handlingsplan? 

Innanfor alkohollova sine rammer har kommunane fått eit betydeleg ansvar og stor fridom til å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7 d.

Planen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert og aktuell. Planen skal innehalde hovudmåla for kommunen sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som skal nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol. Aktuelle verkemiddel kan vere tak på tal på sals- og skjenkeløyve, regulering av opningstider og avgrensing av kva konsept som skal få løyve m.m.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen. Meld deg på nyheitsbrev her.

Den eksisterande planen går ut i 2020, og ein ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. 

Samarbeid mellom kommunane

Utkast til alkoholpolitisk handlingsplan er utarbeidd av ei interkommunal arbeidsgruppe med representantar frå Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta kommunar. Dette fordi det tidlegare har vore eit uttalt mål at vår region har ein så lik løyvepolitikk som mogleg, utifrå omsynet til trafikktryggleik og like konkurransevilkår for næringa.

Arbeidsgruppa har vorte samde om eit felles utkast med omsyn til konsept, sals- og skjenketider og gebyr. Det er likevel slik at det vil vere opp til kvart enkelt kommunestyre å fastsetje den enkelte kommune sin løyvepolitikk utifrå lokale høve, slik at det kan verte lokale variasjonar i kommunane.

Frist og adresse

Høyringsfristen er 15. januar 2020. 

Merk svaret ditt «Alkoholpolitisk handlingsplan» og saksnr. "19/5490" og send elektronisk , til postmottak@hareid.kommune.no  eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

Kontakt

Helga Bøe
leiar
E-post
Mobil 928 32 786