Høyring budsjett og handlingsprogram 2022-2025

Formannskapet har no vedteke budsjettinnstillinga til kommunestyret.

Erlend Friestad  

No skal denne innstillinga ligge ute på høyring i to veker før budsjettet blir endeleg vedteke av kommunestyret 9. desember.

Alle er velkomne til å sende inn høyringsinnspel. De kan de gjere på to måtar:

  • E-post: postmottak@hareid.kommune.no
  • Papir: Levere på rådhuset eller sende i posten til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
  • Innspel/merknadar må vere kome fram innan klokka 10, 9. desember.

Innspel blir fortløpande sendt til dei folkevalde i kommunestyret, men blir også samla i eit eige høyringsdokument som blir lagt fram i budsjettmøtet.

Her kan du lese formannskapet si innstilling.

Her kan du lese kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett som formannskapet si innstilling bygger på.