Det er behov for ei forskrift som regulerer graving og anna anleggsarbeid på kommunal grunn i Hareid kommune. Forskrifta rettar seg i hovudsak mot arbeid utført av eksterne aktørar og skal hindre uønskte hendingar, farlege situasjonar og skadar på kommunal grunn som følgje av at arbeid vert utført utan løyve eller i strid med gitt løyve.
Derfor lagar vi forskrift
Det vart i fjor utarbeida ein eigen instruks for graving og liknande arbeid i kommunen. Denne gir godt grunnlag for å handheve lovar og reglar som gjeld utføring av anleggsarbeid, men ein manglar heimel for økonomiske sanksjonar for anleggsarbeid som er starta opp og utført utan løyve.
Vi ynskjer også at entreprenørane skal ta meir ansvar for førebygging av spreiing av uønskte artar, som til dømes parkslirekne, når dei utfører arbeid i kommunen.
I tillegg til gebyr for handsaming av graveløyve og arbeidsvarsling, ynskjer ein å innføre gebyr som dekker kommunen sine kostnadar i tilfelle der graving og anna anleggsarbeid er i strid med lover og reglar. Slikt arbeid medfører ekstra ressursbruk og unødige lønskostnadar for kommunen i form av kontrollar, oppfølging og tilhøyrande saksbehandling – og mogeleg reparasjonsarbeid. Gebyret bør vere stort nok til å dekke kommunen sine meirbelastningar. Gebyret skal fastsettast i samband med fastsetting av årleg gebyrregulativ.
Forskrifta er planlagt å tre i kraft frå 01.01.2027.
Slik sender du inn høyringssvar
Dokumenta i saka finn du nedanfor:
Om du har innspel, kan du sende inn dette via denne lenka. Oppgi saksnummer 26/822.
Høyringsfrist: 16.10.2026