Høyring - Ny felles gebyrforskrift for vatn og avløp i sjustjerna, Hareid kommuneFormannskapet vedtok 8. juni 2026 i sak 26/821 å legge forslag til ny gebyrforskrift for vatn og avløp ut på høyring. Dette er ei felles gebyrforskrift for kommunene i Sjustjerna. Føremålet med felles gebyrforskrift for vatn og avløp i Sjustjerna er å sikre meir einsarta praksis, betre samarbeid og redusere sårbarheit i forvaltninga. Felles forskrift kan føre til nokre mindre endringar i gebyrfordeling for abonnentane i Hareid kommune. Sjølv om det er ei felles forskrift, vil likevel gebyrsatsane for kvar kommune verte fastsett einskildvis. Gebyrsatsane for Hareid kommune vert fastsett årleg gjennom gebyrregulativet, i samband med den ordinære budsjettbehandlinga i kommunestyret. Saka vert oppdatert med ei gebyrsimulering i løpet av juni. Forskrifta er planlagt å tre i kraft frå 01.01.2027. Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Hareid kommune.pdf (PDF, 133 kB)Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Hareid kommune - kommentarar.pdf (PDF, 500 kB)Hareid - Følgebrev uten simulering VA-forskrift (2026_05_29).pdf (PDF, 892 kB) Har du innspel kan du sende inn dette via denne lenka. Oppgi saksnummer 26/821.Høyringsfrist: 10.08.2026 Publisert 11.06.2026 15:11 Sist endra 12.06.2026 12:56