Høyring / offentleg ettersyn - Detaljregulering for Risneset

Høyring / offentleg ettersyn - Detaljregulering for Risneset

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8, § 12-9 og § 12-10 vert Detaljregulering med namn Risneset (planid 20190001) lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

 

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å trinnvis transformere området frå masseuttak til industriområde.

Planen med føresegn og planskildring, samt andre sentrale dokument i saka, kan du lese her.

Merknader merka med namnet til planen og planident 20190001 kan sendast kommunen

på e-post: postmottak@hareid.kommune.no

eller som brev til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Frist er 17. juli 2020.

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.