Informasjonsmøte om Glennes foreldreprogram- eit nytt tilbod til foreldre på Hareid

Har du barn eller ungdom med autismespekterforstyrring? Til hausten startar Hareid helsestasjon saman med Støttande team opp med Glennes foreldreprogram, eit gruppebasert rettleiingsstilbod for foreldre.  

Dette er ikkje eit kurs om autisme. Glennes foreldreprogram handlar først og fremst om deg som forelder og samhandlinga mellom deg og barnet ditt. 

portrett av tre personar - Klikk for stort bileteAnn Elin Skeide, Hanne Voksøy og Lene Renate Veiseth inviterer til møtet. Erlend Friestad

Å vere forelder til eit barn med autisme kan gi ein kvardag med både glede, utfordringar og situasjonar som kan vere krevjande å forstå og handtere. Programmet skal gi foreldre konkrete verktøy og strategiar som kan brukast i kvardagen, og støtte foreldra i å skape gode samspel og legge til rette for utvikling og sjølvstende hos barnet.  

Gjennom programmet arbeider ein mellom anna med:  

  • positiv samhandling og å bygge ein god relasjon til barnet 
  • korleis ein kan legge til rette for læring og utvikling å fremje sjølvstende 
  • gode beskjedar, ros og oppmuntring 
  • å førebygge og handtere utfordrande situasjonar  
  • grensesetting og krav tilpassa barnet  
  • refleksjon rundt eigne erfaringar og situasjonar i kvardagen  

 

Det blir lagt opp til fagleg innhald, samtalar og refleksjon i gruppe, praktiske oppgåver og heimeoppgåver. Programmet er autismespesifikt, men fokuset er på foreldrerolla, samhandling og kva du som forelder kan gjere for å få ein betre og meir føreseieleg kvardag saman med barnet ditt.

Før første kursrekke inviterer vi interesserte foreldre til eit ope informasjonsmøte.

  • Onsdag 16. september kl.16.30- 18.00  
  • Stad: Hareid helsehus, møterom 108

 

Her vil vi fortelje meir om programmet, kva deltaking inneber og svare på spørsmål. Kursstart er 14. oktober 2026. Deltaking på informasjonsmøtet gir ikkje automatisk plass på første kursrekke. Dersom det er fleire interesserte enn ledige plassar, vil dei som ønskjer det kunne stå på venteliste til neste kursrekke.  

Med venleg helsing Ann Elin Skeide, Hanne Voksøy og Lene Renate Veiseth  

Påmelding til informasjonsmøtet: helsestasjonen@hareid.kommune.no  

Velkomen til ein kveld med informasjon, spørsmål og moglegheit til å bli kjent med Glennes foreldreprogram!