Interkommunal kystsoneplan for Søre Sunnmøre utlagt til offentlig ettersyn
I samsvar med plan- og bygningslova §§ 9 og 11-14 har kommunane vedteke å legge forslag til interkommunal kystsoneplan ut til offentleg ettersyn. Planforslaget vert sendt til regionale instansar og råka partar for uttale og kunngjort på kommunane sine nettsider.
Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Plandokumenta er identiske for alle kommunane med unntak av plankartet.
Her kan du sjå plankartet for alle kommunane. Inne på kartet kan du klikke på dei skraverte områda for å sjå kva dei er sett av til i planen.
Planen er ein del av kommunane sitt overordna styringsdokument som gir rammer for utviklinga av sjøareala på Ytre Søre Sunnmøre og skal fungere som ein informasjons- og planleggingskjelde for kommunane innbyggarar, folkevalde og administrasjon i kommunane, for organisasjonar, samt næringsliv og sentrale forvaltningsorgan med fleire.
Arealplanar i sjø skal ha ein overordna og grovmaska karakter jf. PBL. Unødige detaljar på dette plannivået kan auke talet på konfliktar og kan svekke moglegheita for å få fram hovudprioriteringane og langsiktige strategiar.
Ny dato: Vi arrangerer folkemøte om kystsoneplanen 26. april 2022 klokka 18 på Hareid folkebibliotek. Høyringsfristen er også utsett til 15. mai 2022.
Innspel til planarbeidet skal sendast til kommunen på e-post postmottak@hareid.kommune.no eller til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Alle merknadar og innspel må vere skriftlege.
Interkommunal kystsoneplan
Publisert av Erlend Friestad
Sist endra 21.03.2024 19:08