Ny dato: folkemøte om interkommunal kystsoneplan

Tysdag 26. april arrangerer Hareid kommune folkemøte om den interkommunale kystsoneplanen.

Erlend Friestad  

Tid: Tysdag 26. april klokka 18-19.30

Stad: Hareid folkebibliotek

Ny høyringsfrist for planen: 15. mai 2022Hareid kommune inviterer alle interesserte til folkemøte om den interkommunale kystsoneplanen. Møtet var først planlagt i februar, men blei utsett fordi det var behov for å jobbe meir med planen og motsegna som var kome inn.

Send inn spørsmål på førehand

I møtet vil vi svare på spørsmål om planen og den vidare prosessen. For å få best mogleg svar på spørsmåla under møtet, oppmodar vi om at dei blir sendt inn på førehand. Send i so fall til sakshandsamar cecilie.breiteig@hareid.kommune.no.

I møtet vil vi prioritere å gi svar på spørsmål som blir sendt inn på førehand.

Dersom det blir tid til det, vil vi også opne for innspel til kystsoneplanen. Merk: Berre innspel som kjem inn skriftleg vil bli tatt med vidare i høyringa. Innspel du gir under folkemøtet, som du ønsker skal følgje planprosessen, må du derfor sende skriftleg inn i etterkant.

Møtet vil bli leia av ordførar Bernt Brandal. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Kai-Rune Bjørke, plansjef Silja Øvrelid, planleggar og sakshandsamar Cecilie Breiteig og kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad vil også vere med på møtet.

Det er formannskapet som har sendt planen ut på høyring, og medlemmane i formannskapet er derfor særskild invitert.

 

Ny høyringsfrist

Vi kjem til å utvide høyringsfristen slik at alle får to veker etter folkemøtet til å sende inn sine innspel. Ny høyringsfrist blir då 15. mai 2022.