Internasjonal kunstnarduo skal fylle heile rådhusveggen med street art

Hareid kommune har fått ei heilt spesiell gåve: eit storskala kunstverk, spesiallaga for endeveggen på rådhuset – utført av ein internasjonal kunstnarduo.

Fire personar som står framfor kortveggen på Hareid rådhus. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Sølvi Abrahamsen, Kim Lillebø, Renate Seljseth Bøe og Melinda Skeide. Erlend Friestad

Det er Kim Lillebø som står bak gåva og initiativet. Han byrja å tenkje på moglegheitene den store, tome veggen representerte, og tok kontakt med ein kunstnarduo han har følgt ein stund, – utan å tru dei ville vere særleg interesserte. 

Han sende ein video av området og peika på veggen. Til hans overrasking viste dei genuin interesse og følgde opp.

Kunstnarduoen har ei imponerande liste med store utandørskunstverk i europeiske byar som London, Manchester, Liverpool, Berlin, Paris og Aberdeen. Dei har også nokre få verk i Noreg.

Kunstnarduoen kjem til Hareid 4. juni, og kunstverket skal vere klart til vi får vårt første cruiseanløp 13. juni. Av omsyn til arbeidsroen til kunstnarane vert ikkje namna deira offentleggjorde enno. Etter at dei annonserte at neste prosjekt er i Noreg, har dei fått mange førespurnader på sosiale medium.

Motivet er spesiallaga for denne veggen og er ferdig utvikla. Det vert ikkje vikingar eller isbjørnar – den lokale forankringa er meir subtil.

– Målet er å skape interesse, refleksjon og samtale – utan å vere provoserande, seier Lillebø.

 

Spleiselag

Prosjektet vert finansiert med lokal støtte fra Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN og Kim Lillebø. Han har også søkt om midlar frå eit regionalt kulturfond, men det som ikkje vert dekt av støtte, betaler han altså sjølv.

 

Lokalt næringsliv stiller opp

Fleire lokale aktørar har bidrege til å gjere prosjektet mogleg. HG Elektro har fjerna lampar og ein parkeringsautomat som ikkje fungerte. Oskar Grimstad har beslaga, så vatn ikkje lenger renn nedover veggen. Veggen blir vaska og skal målast i grunnfarge av Ward 1 før kunstnarane kjem. Alt dette er gjort utan økonomisk gevinst.

– Eg vil gjerne løfte fram alle dei lokale aktørane som har bidrege. Dei gjer dette fordi dei ønskjer å bidra til noko positivt for staden, seier Lillebø.

Endeveggen blir måla av ein arbeidar som står på lift. Ny farge er mørkegrøn - Klikk for stort bileteWard 1 er i gang med å leggje grunnfargen på endeveggen på rådhuset. 4. juni kjem kunstarane og skal starte på motivet sitt. Erlend Friestad endeveggen på rådhuset har endra farge til mørkegrøn - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Stort publikumspotensial

Rådhuset ligg svært synleg til. Om lag 800 000 bilar tek ferja årleg, og alle som kjem til og frå derifrå, vil sjå veggen. Prosjektet er også knytt til Hareid si satsing som cruisedestinasjon.

– Forhåpentlegvis kan dette gi eit positivt inntrykk av staden – også for dei som ikkje kjenner han frå før, seier Lillebø.

Kulturleiar i Hareid kommune, Melinda Skeide, understrekar at prosjektet skal engasjere:

– Det skal skape engasjement og bli snakka om. Vi gler oss til å vise det fram og har stor tru på at det vil bli godt motteke både av innbyggjarane og gjestar til Hareid, seier ho.

 

Workshop for ungdom

I tilknyting til prosjektet vert det arrangert to–tre workshopar retta mot ungdom, lagde til ferieaktivitetsveka. I forkant av workshopane, har kunstnarane sagt seg villige til å møte deltakarane, svare på spørsmål og dele erfaringar.

Workshopane handlar om å lære teknikkane og hente inspirasjon – ikkje om å male på sjølve veggen. Ungdommane vil jobbe med sjablongar og spray på papir, noko som senkar terskelen og gir meistring.

– Street art handlar mykje om å uttrykke kjensler og bodskap. Dette kan inkludere ungdom som kanskje ikkje føler dei meistrar teikning frå før. Eg trur dette kan bli veldig bra, seier Sølvi Abrahamsen som skal halde workshopane.

Det vert rigga ein spraystasjon utandørs, og det vert brukt spray som ikkje er helsefarleg – men enkel verneutrustning som støvmaske vil likevel vere naudsynt.

 

Praktisk gjennomføring

Delar av Bankplassen vert sperra av under arbeidet for å unngå malingssprut på bilar.

Vil du vakne opp til denne utsikta?