Silje Grimstad Tvedt i Hareid Group, Tine Helen Jessen, rådgivar på Hareid ungdomsskule og Christine Erdal, prosjektleiar i Vekst i HareidArrangementet går over tre ettermiddagar i februar frå 15-1730. Vi startar med bedriftsbesøk klokka 15, så blir det servering på Millennium Cowork klokka 1630.
Program 2026
10. februar
- HS Rise Bygg
- Millennium Kafé
11. februar
- Trident Aqua Services
- Sektor for velferd i Hareid kommune
12. februar
Vi har avgrensa tal på plassar, så alle som vil vere med må registrere seg.
NB: Ei påmelding per person som skal delta. Du kan delta på alle ettermiddagane, men må i so fall registrere deg til kvart arrangement.
Kvifor inviterer vi særleg mødrene?
Gjennom faget utdanningsval arbeider elevane systematisk med å utforske utdannings- og yrkesvegar gjennom heile ungdomsskulen. For mange blir valet i 10. klasse det første store, sjølvstendige valet i livet.
Mange ungdommar kjenner på usikkerheit – «kva om eg vel feil?».
Då er støtta frå heimen heilt avgjerande.
– Foreldre, og ofte spesielt mødrer, har større påverknad enn ein kanskje trur. Ungdom lyttar til haldningar, erfaringar og råd heimanfrå, og dette kan vere avgjerande for kva dei tør å satse på, seier Tine Helen Jessen, rådgivar ved Hareid ungdomsskule.
For å vere gode støttespelarar treng foreldre innsikt i korleis dagens arbeidsliv ser ut – og kva moglegheiter som faktisk finst. Arbeidsmarknaden endrar seg raskt, og mange utdanningsvegar er annleis enn då foreldregenerasjonen sjølv gjekk på skule.
Bedriftene stiller opp – og håper å inspirere
Lokale verksemder ønskjer å vise fram både breidda og spennande moglegheiter for framtidige arbeidstakarar i Hareid.
Særleg trekkjer Hareid Group fram behovet for ny kompetanse:
– Vi ønskjer å løfte fram behovet for fleire elektrikarar i framtida, og vise kor allsidig og spennande arbeidet som elektromontør er. Samtidig er det viktig for oss å nå både jenter og gutar, seier Silje Grimstad Tvedt i Hareid Group.
Ho håper bedriftsbesøka kan bidra til å vekkje interesse for nye utdannings- og karrierevegar – og gi eit innblikk i Hareid Group som ein attraktiv arbeidsplass.
Mat, prat og utdanningsinformasjon
Etter bedriftsbesøka – klokka 1630 – samlast alle på Millennium Cowork for servering og moglegheit til å stille spørsmål. Her vil òg ulike aktørar som Herøy og Ulstein vidaregåande skular, ulike opplæringskontor, rådgivarar og verksemder, stå på stand for å gi meir informasjon om aktuelle utdannings- og karrierevegar.
Vi håper du blir med!
Dette er eit unikt tilbod for foreldre og ungdom som ønskjer å lære meir om arbeidslivet i Hareid – og om moglegheitene som kan ligge rett utanfor døra.
Meld deg på her: