Jobbar med å gjere klart for flyktningane

Vi nærmar oss at vi kan ønske dei første velkomne til Hareid.

Pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I førre veke sa Hareid formannskap ja til å busette 60 flyktningar i 2022. Det er ei auke på 45 frå vedtaket i fjor, før krigen i Ukraina. No arbeider vi med å finne nok bustadar til dei vi vil ta imot.

Vi har fått god respons frå innbyggarar som har meldt inn potensielle hus og leilegheiter. No går eigedomsavdelinga gjennom bustadane vi har fått inn for å kartlegge kva for nokre av dei som kan vere aktuelle. Vi vil mellom anna reise på synfaring. Målet er å få ein så lik praksis som mogleg slik at alle utleigarar blir handsama likt.

Så fort ein bustad er klar, vil vi melde frå til Integrerings og mangfaldsdirektoratet om kva type bustad og kva han kan passe til. Då vil dei sende flyktningane som skal bu i bustaden.

I tillegg til dei 60 som Hareid kommune har sagt ja til å busette, har kommunen søkt sentrale mynde om å få opprette akuttmottak. Den søknaden vil vi få svar på i næraste framtid.

Det er også nokre flyktningar i kommunen som har kome seg hit på eigehand og bur privat i såkalla alternativ mottaksplass. For å få tilskot og bustøtte må desse registrere seg hos politiet og ved ressurssenteret. Ta kontakt på telefon 70 03 76 94 (ressurssenteret) og 02800 (politiet) for å gjere avtalar.