Erlend Friestad
Kjære medarbeidarar i Hareid kommune
No nærmar jula seg, og eg vil frå djupet av hjartet takke kvar og ein av dykk for det enorme engasjementet og den utrøyttelege innsatsen de har lagt ned gjennom 2025.
Trass i at vi held fram med tilsyn frå Robek-ordninga og opplever store økonomiske utfordringar, har de levert stabil drift og sikra at innbyggjarane våre har fått omsorg, tryggleik og gode tenester. Det er ingenting mindre enn imponerande.
Det har vore tøft
Hareid kommune vart meldt inn i Robek i juni 2024, med eit driftsunderskot på over 36 millionar kroner, nesten 6 prosent av driftsinntektene. Rekneskapsåret 2024 la ytterlegare stein til byrda og alt tyder på at også rekneskapsåret 2025 vil gjere det. Til saman ligg det an til eit meirforbruk på om lag 130 millionar kroner.
Det vil vere tøft
Å vere på Robek-lista betyr at vi er under streng kontroll frå stat og statsforvaltar, vi må spare, skjerpe oss i alle ledd – og dette krev mykje av oss alle.
Arbeidslivet generelt og Kommune-Noreg spesielt, gjer at vi sannsynlegvis ikkje vil bli ferdige med omstilling nokon gong. Vi kjem til å bruke mange år på å betale tilbake meirforbruket. Vi kjem sannsynlegvis ikkje utanom oppseiingar.
Har trua
Eg har stor forståing for at det kan vere overveldande og demotiverande å høyre dette, og at tanken på å gi opp kan melde seg. Men eg har trua. Sjølv kunne eg gått av med pensjon for lenge sidan. Viss eg ikkje hadde trua, hadde eg vald meir tid med familie, barnebarn, fritidsinteresser og eit rolegare liv. Men eg hadde trua på Hareid kommune då eg søkte på jobben, og vi allereie var på veg inn i på Robek.
Eg har trua på Hareid kommune no, når vi forhåpentlegvis er på botn
Samstundes står vi samla
Eg har også trua på dykk.
Dei tiltaka som er sett i verk: betre budsjettstyring, konkrete omstillingsplanar, og arbeidet med tiltaksplan for innhenting av meirforbruk, alt er resultat av dedikert innsats frå dykk.
De trygger grunnlaget for framtida, både for barn, ungdom, eldre og alle innbyggjarar som er avhengige av kommunen sin støtte og omsorg.
Gjennom natta kjem alltid morgon.
Vi har lagt eit godt fundament for å snu kursen, skape økonomisk balanse i åra som kjem, og samstundes halde fast på dei kjerneverdiane som definerer oss: fellesskap, kvalitet i tenestene og eit varmt lokalsamfunn.
Med den innsatsen de viser, har eg eit håp om at vi saman vil møte 2026 med fornya kraft, nye arbeidsmetodar og friske løysingar.
Ei ekstra takk
Eg vil også rette ein stor takk til ordførar og alle de folkevalde i kommunestyret og dei ulike utvala. De har stått i krevjande prosessar, teke vanskelege val og vist vilje til samarbeid for å sikre kommunen sin framtid. Det er avgjerande for at vi skal lykkast.
Så takk! Takk til kvar einskild – både de på rådhuset og de som er ute i tenestene.
Ha ei velsigna god jul og eit godt nytt år fylt med ro, glede og tiltru til at vi saman skal lukkast med å bygge kommunen vår vidare – i solid økonomisk balanse og med sterke fellesskap.
Med varme helsingar,
Bent Arild Grytten
Kommunedirektør, Hareid kommune