Julelysa på veg opp – blir tende første helga i advent

Uteseksjonen har starta arbeidet med å få opp julelysa i kommunen. Men du må vente til 27. november klokka før dei lyser.

to personar i synlegheitsklede - ein på bakken og ein i lift - held på å henge opp julelys på tvers av Kjøpmannsgata. I front ein trafikksebra med skilt: Stengt for gjennomkøyring - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Det skal opp julelys i alle krinsane, mellom anna i Kjøpmannsgata og ved helsehuset, på Bigset skule, i Brandal sentrum og på Leira i Hjørungavåg. Også fleire tre og møteplassar i Hareid sentrum får julelys.

Uteseksjonen har starta å henge opp lys allereie no for å utnytte ledig kapasitet og periodar med tenleg ver.

Under arbeidet i Kjøpmannsgata brukte uteseksjonen lift, og gata var stengd medan opphenginga gjekk føre seg. Ho er no open att.

Den 27. november klokka 18 blir julelysa tende i Hareid sentrum, og det blir ei koseleg samling i parken i Åsendalen.

Følg med på opplevhareid.no og nettsida til Hareid kommune for meir informasjon om programmet.