Kommunane i Møre og Romsdal går saman om betre digitale løysingar for dokument og arkiv

Digi Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket har starta arbeidet med å kjøpe inn nye løysingar for dokument, arkiv og saksbehandling. Målet er enklare arbeidsprosessar, betre samhandling og meir framtidsretta digitale tenester.

PC på eit bord - i bakgrunnen diverse arkivmappar og permar - Klikk for stort bilete Pexels.com

Kommunane, IKT-samarbeida og Digi Møre og Romsdal samarbeider om prosjektet. Arbeidet bygger på innsiktsarbeid som er gjennomført det siste året. Digi Møre og Romsdal eig prosjektet, som involverer IKT-samarbeid frå heile fylket og alle dei 27 kommunane. 

Målet er at kommunane skal få meir like og framtidsretta måtar å handtere dokumentasjon på. Fagområdet blir ofte kalla dokumentasjonsforvaltning.

 

Kvifor gjer vi dette?

Kommunane har i dag mange ulike system, manuelle arbeidsprosessar og ulik praksis. Samtidig får kommunesektoren nye krav gjennom ny arkivlov og aukande forventningar til digital samhandling, informasjonssikkerheit og effektiv tenesteutvikling.

 

Med samarbeidet vil kommunane lage meir like måtar å jobbe på og sørgje for at systema snakkar betre saman. Det handlar mellom anna om felles arkitekturprinsipp, standardiserte integrasjonar og felles kodeverk.

 

Eit viktig mål er at kommunane skal kunne samarbeide betre om drift, opplæring og vidare utvikling av løysingane i åra som kjem.

 

Gjennom eit felles løft ønsker kommunane å:

få meir like arbeidsprosessar

gjere det enklare for kommunane å samarbeide

redusere sårbarheit gjennom sterkare fagmiljø

utnytte teknologi og automatisering betre

sikre ei berekraftig og framtidsretta dokumentasjonsforvaltning

stå sterkare når kommunane skal kjøpe inn og følge opp leverandørane

 

Prosjektleiing

Arbeidet er organisert med ei prosjektgruppe og ei styringsgruppe, i tillegg til referansegrupper for arkiv og innsyn, saksbehandling, teknisk plan og byggesak, møtebehandling og utval, og for samanhengande tenester. Organiseringa skal sikre at faglege behov, tekniske krav og erfaringar frå kommunane blir tekne med i arbeidet med nye løysingar. Lokale faggrupper skal samle erfaringar og behov frå eigne tenesteområde, peike på ønskt funksjonalitet og gi innspel til krav og prioriteringar i dei regionale prosessane.

 

Prosjektleiar er Frank Harneshaug frå Ålesund kommune. Det interkommunale innkjøpssamarbeidet ROR-innkjøp (Romsdalsregionen) bidreg med innkjøpsfagleg kompetanse.

 

HovudproduktAnsvarleg frå prosjektgruppaMedlemmar frå prosjektgruppa
SaksbehandlingssystemHelga BøeJohn Arild Hestenes, Tone Ski Blindheimsnes
Plan og byggesakAnita Sundnes 
Arkivkjerne og innsynsløysingElisabeth SandeTone Ski Blindheimsnes
Møte- og utvalsbehandlingAstri Christine Bævre Istad 
Samanhengande tenesterDaniel Høyemsvoll SpjutøAnita Helene Bjørnøy, John Arild Hestenes