Kontantkassa - tilskot til fritidsaktivitetar

Barn og unge mellom 6-18 år som ikkje har moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar på grunn av dårleg økonomi kan få tilskot.

Pexels.com

No har vi dessverre brukt opp midlane vi har hatt til kontantkassa, og kan difor ikkje ta i mot fleire søknadar. Vi jobbar for å nye midlar, men kan dessverre ikkje seie noko om når vi evt. får det på plass.

 

Hareid kommune har blitt med i ei tilskotsordning kalla Kontantkassa. Søknadar blir behandla jamleg (ingen søknadsfrist) og midlane blir fordelt inntil kassa er tom.

Ordninga blir administrert av folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes.

For kven:

Barn og unge i alderen 6 - 18 år som ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitet av økonomiske årsakar.

Kva kan ein søke støtte til:

Kontingent, aktivitet, utstyr, deltaking i turneringar, konkurransar og turar for enkeltpersonar.

Kor mykje:

Inntil 2400,- kroner i tilskot per person per år. Det betyr at det kan søkast fleire gongar gjennom året for kvar person.

Kven kan søke (på vegne av barnet/ungdommen):

Det er laget/foreningen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen, etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersoner som arbeider i kommunen, eksempelvis helsesjukepleiar, rådgjevar, barnevernsteneste m.m. kan også søke. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.

Krav til søkar:

Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt stønad til, og vi ønsker at det er to personer tilknytt barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette meines det at den som søker skal hjelpe barnet til å huske på/komme seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne sjølv må følge barnet på aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. Det er den som søker som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at et bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontantkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag- og foreninger som har vanskar med å inndrive kontingentar.) Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande.

 

Krav til søknaden:

Elektronisk søknadsskjema må fyllast ut.

Det finn de via denne lenka.

Heile søknadsskjemaet må fyllast ut, og hugs å legge ved eventuelle fakturaer, kvitteringar eller liknande. Det kan søkast om midlar på førehand og da kan eventuelle faktura, kvitteringar og liknande ettersendast.

 

Spørsmål om ordninga:

Ta kontakt med kontantkassa sin kontaktperson som du finn nedst i artikkelen.