Comirnaty-vaksinen: Dei aller fleste biverknadene oppstår 1-2 dagar etter vaksinasjon. Dei er milde/moderate og går over etter nokre dagar. Frå studiane ser vi at biverknadar var generelt mildare blant personar over 65 år. Dei vanlegaste rapporterte biverknadene var:
- Smerter på injeksjonsstaden
- Trøttheit, hovudpine, muskelsmerter, frysningar, leddsmerter, feber
Nokre få av dei vaksinerte kan få meir kraftige lokale og systemiske biverknader.
Astrazeneca-vaksinen: Meir enn halvparten av dei vaksinerte får smerter på stikkstaden. Andre vanlege biverknader er sjukdomskjensle, trøyttleik, hovudverk, muskel- og leddsmerter, frysingar, kvalme og feber. Biverknadene er mildare og sjeldnare etter dose 2. I dei aller fleste tilfella var biverknadene milde eller moderate. Under 5 prosent fekk meir plagsame biverknader som var ufarlege, men som påverka dagleglivet dei få dagane det varte.
Frå studia som er gjort til no er det god kunnskap om vanlege og mindre vanlege biverknader i gruppene som har fått vaksine. Sjeldne biverknader kan ikkje utelukkast.
Folkehelseinstiuttet og Legemiddelverket overvaker om det kjem uventa biverknadar. Det er også ustrakt internasjonalt samarbeid for å registrere og avdekke biverknadar. Les meir på FHI sine nettsider.