Ordførar Bernt Brandal overrakte blomster til formann i HS Rise bygg, Even Rise.
Erlend Friestad
Prosjektet omfattar 13 leilegheiter i hovudbygget, med avlastningskapasitet for fem personar, i tillegg til åtte leilegheiter i to- og tremannsbustadar for dei som meistrar ein meir sjølvstendig kvardag. Heile prosjektet legg stor vekt på å skape moderne, trygge og tilpassa heimar for brukarar og bebuarar, med fasilitetar som skal gi høg livskvalitet og eit godt utgangspunkt for meistring.
Når bygget står ferdig, skal det meste av aktiviteten til bu- og habilitering flyttast hit, og omtrent 115 tilsette fordelt på 40 årsverk vil få nye, moderne arbeidslokale.
Sjå video frå markeringa lenger nede i artikkelen.
Godt oppmøte og god stemning på markeringa
Formann Even Rise i HS Rise Bygg ønska dei frammøtte velkomne, og uttrykte glede over at så mange tok turen:
– Det var veldig kjekt å sjå så stort oppmøte. Det hadde eg ikkje venta. Kranselag er ei viktig markering – tett tak og tett bygg er ein stor milepåle.
Han fortalde at milepålen vart nådd rett før juleferien:
– Då vi tok ferie, sette vi på avfuktarar og kunne ta julefri med god samvit. No passa det fint å feire.
Rise retta også ei særleg takk til alle som har bidrege så langt i prosjektet:
– Eg vil takke alle leverandørar og samarbeidspartnarar for godt arbeid og god dialog gjennom heile prosessen. Det er kjekt å sjå kor mange lokale verksemder som er med og løftar dette prosjektet.
Om lag 40 personar jobbar til dagleg på prosjektet. Mange lokale verksemder er sentrale bidragsytarar, mellom anna:
- HS Rise Bygg
- HG Elektro
- Gjerde Rør
- Egset Ventilasjon
- Brekke & Kleppe
Artikkelen held fram etter biletet.
Etter talane blei det servert pizza inne i det som blir fellesstove i hovudbygget.
Erlend Friestad
Ordføraren: – Her skaper vi heimar med verdigheit og tryggleik
Ordførar Bernt Brandal gratulerte alle involverte, og overrekte blomster til HS Rise Bygg ved Even Rise:
– Gratulerer med dagen, og takk for at så mange kunne komme. Kranselag handlar om å vise respekt for godt handverk og fagarbeid, og om å takke alle som har bidrege.
Brandal understreka at Pålhaugen skal vere meir enn eit bygg:
– Dette er ikkje berre tre, betong og stål. Her skaper vi framtidige heimar for personar med ulike omsorgsbehov – heimar der verdigheit, tryggleik og livskvalitet står i sentrum.
Han løfta fram den store verdien prosjektet vil få:
– Desse bygga får stor betydning for brukarane, familiane og heile Hareid. Dette er eit prosjekt vi alle kan vere stolte av.
Ordføraren retta særleg takk til HS Rise Bygg som totalentreprenør for god framdrift og høg fagleg kvalitet, og takka vidare alle underentreprenørar, leverandørar, arkitektar, planleggjarar og administrasjonen i Hareid kommune.
Artikkelen held fram etter biletet.
Erlend Friestad
Pizza og synfaring
Etter talane fekk gjestane gå inn hovudbygget der det blei servert pizza, berlinerbollar, kaffi og brus. Gjestane fekk høve til å sjå nærare på delar av bygget.
På gjestelista stod:
- arbeidslaga på byggeplassen
- representantar for leverandørar
- folkevalde, inkludert ordførar, leiarane i levekårsutvalet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- tilsette i bu- og habilitering
- tilsette i administrasjonen i Hareid kommune
Erlend Friestad
Erlend Friestad
Erlend Friestad
Erlend Friestad
Erlend Friestad