Kva mynde skal kommunestyret gi administrasjonen?

Her er ei oppsummering av sakene som skal opp i kommunestyret 6. februar.

Soloppgang over Masdalsklova. Takk til Unni Bergdal for lån av bilete. Unni Bergdal  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kven skal bestemme kva?

I utgangspunktet har kommunestyret stor makt og mynde til å treffe avgjersler i ein kommune. Det er likevel ikkje føremålstenleg og særleg effektivt at kommunestyret fattar vedtak i alle saker.

Derfor delegerer dei mange av sakene «sendt nedover» i systemet. Noko blir delegert til underliggande, folkevalde organ, til dømes Levekårsutvalet, medan anna blir delegert til administrasjonen.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Eit døme er skjenkepolitikken. I dag er det kommunestyret som fattar vedtak om vanlege skjenkeløyve til ute- og serveringsstader, medan myndet til å gi løyve til enkelthendingar (ambulerande skjenkeløyve) er delegert til administrasjonen. Desse enkeltvedtaka kan klagast på, og då vil Levekårutvalet vere fyrste klageinstans.

Det er ikkje alt kommunestyret kan delegere vidare. Då er dette formulert i lov – gjerne i frasen «kommunestyret sjølv bestemmer».

Dette regelverket for kva utval eller roller som bestemmer kva, er samanfatta i eit delegeringsreglement.

Det gjeldande delegeringsreglementet er frå 2012. Mykje har skjedd med lovverk og organisering i kommunen sidan då. Ei elektronisk samling av alt relevant lovverk gir ei god oversikt, så no er også lover som tidlegare ikkje var delegert, delegerte der det er naturleg.

Denne saka gjeld det politiske delegeringsreglementet. Rådmannen har i tillegg eit internt delegeringsreglement som viser fordeling av delegert mynde i kommuneorganisasjonen.

Rådmannen har i gjennomgangen lagt vekt på kvalitet og effektivitet. Mykje er som før, men den største endinga er knytt til meir effektiv sakshandsaming ved å foreslå ein auke i det faglege arbeidsområde til utvalet for næring og miljø (NMU).

Delegeringsreglementet vil etter at det er vedtatt bli lagt elektronisk tilgjengelig på Hareid kommune sine nettsider.

Dei folkevalde har tidlegare blitt orientert om saka.

Nyval av representantar til styre og råd

Sidan vi framleis er tidleg i kommunestyreperioden står det to val av representantar til eksterne utval og råd på saklista:

Representant til interkommunalt arkiv

Representant til oppnemningsutvalet for Konfliktråd i Møre og Romsdal

Orienteringar

I starten av møtet blir det to orienteringar.

  • Søre Sunnmøre reinhaldsverk orienterer om målsettingar (t.d. berekraftmål og materialgjenvinningsmål), selskapskontrollen og om framtidsutsikter.
  • Kommunalsjefane og assisterande rådmann orienterer om sektorane sine, tenestene og ansvarsområda.

Har du lyst til å sei noko til kommunestyret?

Hugs moglegheita gjennom open spørjetime. Før kvart ordinære kommunestyremøte har innbyggarar i Hareid høve til å kome med meiningsytringar eller stille spørsmål frå kommunestyret sin talarstol. Spørsmål og/eller meiningsytringar skal meldast inn til ordførar på førehand. Spørsmål skal gjelde kommunale tilhøve – helst av prinsipiell karakter. Sjå reglementet for kommunestyret paragraf 23 for meir informasjon.