Kva næringsliv skal Hareid kommune satse på?

Dette og andre spørsmål forsøker vi å svare på i «Strategisk næringsplan». No kan du seie di meining om planen.

Dronebilete av Hareid sentrum, teke frå Raffelneset. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Formannskapet i Hareid kommune bestemte 05.02.2024 i sak PS 06/24 at dei vil leggje den strategiske næringsplanen ut på høyring.

Hareid kommune ønskjer å vere ein proaktiv aktør som legg til rette og samarbeidar med næringslivet. Ved å jobbe med ein forstudie og forprosjekt under merkelappen «Næringsvennlig kommune», har vi utforma ein strategisk næringsplan for kommunen.

Dette dokumentet er tenkt som eit langsiktig verktøy. Det vil danne grunnlaget for å utarbeide samkøyrd og nye handlingsplanar. I planen ser vi på hovudmålet med arbeidet, dei overordna måla, og fem undermål med tilknytte strategiar og tiltak. Mot slutten av planen diskuterer vi korleis vi kan oppnå måla, inkludert åtte spesifikke oppgåver for næringsteamet og eit strategisk næringsforum.

Om du har forslag til den strategiske næringsplanen, kan du sende dei til kommunen før 21. april 2024. Merk dokumentet med «Strategisk næringsplan». Send på e-post til postmottak@hareid.kommune.no eller fysisk til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Oppgi saksnummer 23/567.

Her kan du lese heile dokumentet. (PDF, 5 MB)