Kvitholvegen blir ikkje permanent stengd

Kvitholvegen skal framleis vere open for gjennomkøyring utanom vintersesongen. Kommunestyret vedtok samstundes vinterstenging, tiltak for lågare fart, avgrensa vedlikehald og evaluering etter to år.

bilete av kvitholvegen. Grøne blad på trea, lett snødryss på bakken - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vedtaket inneber at vegen skal vere stengd for gjennomkøyring om vinteren, men open resten av året. Kommunedirektøren får fastsetje når vegen skal stengjast og opnast ut frå veg- og vêrforhold. Vegen skal ikkje ha ordinær vinterdrift på den stengde delen, men skal kunne opnast ved særlege behov og av beredskapsomsyn.

Kommunestyret ønskjer 40 km/t på heile Kvitholvegen og fartsdempande tiltak i begge endar. Vegen skal skiltast tydeleg som ein grusveg med låg standard og ujamn vegbane. Det ordinære vedlikehaldet blir inntil vidare avgrensa til om lag eitt gruslass i året, med unntak for akutte eller ekstraordinære skadar og faretilhøve. Ordninga skal evaluerast etter to år.

Kvifor saka kom til politisk handsaming

Hareid kommune eig Kvitholvegen og har ansvar for drifta. I saksframlegget blir vegen skildra som ein smal grusveg med låg standard, varierande sikt og mangelfull skilting. Kommunen hadde fått fleire bekymringsmeldingar om mellom anna høg fart, utforkøyringar, farleg køyring og ein utrygg situasjon for born og andre mjuke trafikantar. Samstundes har kommunen årlege kostnader til vinterdrift og istandsetjing av vegdekket.

Administrasjonen vurderte tre alternativ: å oppgradere vegen, å etablere fartsdempande tiltak eller å stengje han permanent for gjennomkøyring. Ei oppgradering blei vurdert som lite realistisk innanfor dei økonomiske rammene, medan fartsdempande tiltak åleine ikkje blei rekna som tilstrekkelege. Erfaringane frå vinteren 2025/2026, då vegen var mellombels stengd og grunneigarane framleis hadde tilkomst, blei omtala som positive.

Kommunedirektøren tilrådde derfor permanent stenging for gjennomkøyring. Grunneigarane skulle sikrast tilkomst til eigedomane sine, og vegen skulle kunne opnast ved behov. Tilrådinga var grunngitt med trafikktryggleik og reduserte framtidige kostnader til drift og vedlikehald.

Den politiske handsaminga

Næring- og miljøutvalet: Utvalet slutta seg til kommunedirektøren si tilråding om å stengje Kvitholvegen permanent for gjennomkøyring.

Formannskapet: Formannskapet gjekk bort frå permanent stenging og innstilte på ei ordning der vegen skulle vere open utanom vintersesongen og stengd om vinteren. Innstillinga omfatta også ønskje om 40 km/t, fartsdempande tiltak, låg drifts- og vedlikehaldsstandard, tydeleg skilting og evaluering etter to år. Formannskapet bad i tillegg administrasjonen undersøkje om avtalar om vegrett eller andre forhold kunne vere til hinder for stenging.

Kommunestyret: Kommunestyret vedtok i hovudsak løysinga frå formannskapet. I det endelege vedtaket er det presisert at det skal etablerast fartsdempande tiltak i begge endar av Kvitholvegen. Dermed blir vegen halden open utanom vintersesongen, i staden for å bli permanent stengd slik kommunedirektøren hadde tilrådd.

Heile vedtaket frå kommunestyret

"Kvitholvegen skal framleis vere open for gjennomkøyring utanom vintersesongen.

Kvitholvegen vert stengd for gjennomkøyring i vintersesongen. Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje tidspunkt for stenging og opning ut frå veg- og vêrforhold. Stengingspunktet skal så langt råd plasserast slik at grunneigarane har tilkomst til eigedomane sine frå respektive side av stenginga. Når vegen er tydeleg fysisk merka som vinterstengd, er det ikkje krav om fysisk sperring av vegen. Vinterstenginga inneber ikkje ordinær vinterdrift eller brøyting av den stengde delen av vegen. Vegen skal kunne opnast ved særlege behov og av beredskapsomsyn.

Kommunestyret ønskjer at fartsgrensa på heile Kvitholvegen vert sett til 40 km/t. Kommunedirektøren vert beden om å gjennomføre nødvendig prosess og naudsynte skiltvedtak i samsvar med gjeldande regelverk.

Det vert etablert eigna fartsdempande tiltak i begge endar av Kvitholvegen. Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje nærare plassering og utforming.

Kvitholvegen skal ha låg drifts- og vedlikehaldsstandard. Det ordinære årlege vedlikehaldet vert inntil vidare avgrensa til om lag eitt gruslass. Ut over dette skal det berre gjennomførast tiltak ved akutte eller ekstraordinære skadar eller faretilhøve som ikkje forsvarleg kan handterast gjennom skilting eller andre enkle tiltak.

Vegen skal skiltast slik at trafikantane vert tydeleg gjorde merksame på at Kvitholvegen er ein grusveg med låg standard og ujamn vegbane. Naudsynte fareskilt og annan relevant skilting vert etablert i samsvar med gjeldande regelverk.

Ordninga skal evaluerast etter to år. Evalueringa skal mellom anna omfatte trafikktryggleik, erfaringar frå bebuarar og grunneigarar, funksjonen til vinterstenginga og faktiske kostnader til drift og vedlikehald. På bakgrunn av evalueringa tek kommunestyret stilling til om ordninga skal vidareførast eller endrast."