Lån ein julekalender full av bøker
Tel ned til jul med ei ny bok kvar dag! På biblioteket kan du låne ein julekalendersekk med 24 bøker – heilt gratis.
Ann Kristin Sørensen
Biblioteket har fylt julekalendersekkane med 24 bøker, ei for kvar dag i desember fram til og med julaftan. Her finn du både kjekke forteljingar og faktabøker som gir høve til å lære noko nytt.
Bøkene kan glede både store og små, men passar særleg godt for born mellom 2 og 8 år. Ein julekalendersekk er eit alternativ for deg som vil fylle førjulstida med lesestunder saman med borna.
Vil du telje ned til jul med bøker? Kom innom biblioteket og lån ein julekalendersekk. Det kostar ingenting.
Publisert 24.11.2026 12:07
Sist endra 24.11.2026 12:07