Erlend Friestad
Hareid kommune har ledig ei fast lærarstilling ved Hareid skule frå 20. oktober. I tillegg vil det bli behov for vikarar i lengre vikariat i løpet av året.
Vi ønskjer at du har god, fagleg breidd og eitt eller helst to basisfag. Elles er det særleg innan IKT, spesialpedagogikk, kunst og handverk, kroppsøving, mat og helse og naturfag vi har bruk for fleire lærarar.
Som søkjar bør du rekne med og kanskje jamvel ønskje deg å vere kontaktlærar.
I Hareid-skulen har vi eit breitt syn på kva eit godt læringsmiljø skal innehalde. Vi tenkjer langsiktig på satsingane vi no er inne i kring språk og lesing, inkluderande barnehage og skulemiljø og ein meir praktisk skule.
Les meir og søk her
Søknadsfrist er 7. oktober