Ledig stilling: ergoterapeut / fysioterapeut

Hareid kommune søkjer ein engasjert ergoterapeut eller fysioterapeut til eit spennande vikariat med breie og varierte oppgåver. Her får du jobbe tett på brukarar i alle aldrar – og vere med på å utvikle framtidas helse- og rehabiliteringstenester.

pexels.com

I perioden 01.04.2026–31.03.2027 har vi ledig eit 100 prosent vikariat i helse og koordinerande eining. Hos oss får du ein aktiv og meiningsfull arbeidskvardag med oppgåver som spenner frå førebygging til rehabilitering, kartlegging, trening, hjelpemiddelformidling og arbeid på korttidsavdeling på sjukeheimen. Du vert ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som deler kunnskap, spelar kvarandre gode og jobbar målretta for å gi innbyggjarane best mogleg oppfølging.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og trygg i møte med menneske. Du trivst både med sjølvstendig ansvar og samarbeid, og vil vere med på å utvikle gode tenester – der meistring, deltaking og tidleg innsats står i sentrum. Hos oss får du eit inkluderande arbeidsmiljø, solid fagstøtte, varierte dagar og gode kommunale vilkår.

Søknadsfrist 05.02.2026

Les meir og søk her.