Ledig stilling: helsefagarbeidar på sjukeheimen
Er du ein dyktig helsefagarbeidar som ønsker nye utfordringar? Bu- og korttidseininga på Hareid sjukeheim er ein arbeidsplass i utvikling, og vi ønsker deg velkommen inn i eit engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å gjere ein reell skilnad for pasientar og pårørande og som kollega.
Erlend Friestad
Vi har ledig ei 100 prosent fast stilling som helsefagarbeidar. Arbeidstid er etter arbeidsplan på dag og kveld.
Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Eininga har 26 pasientrom som omfattar korttidsopphald, langtidsopphald, palliasjon og kommunal akutt døgneining (KAD). Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er positive til endringar og gjerne er med på å forme eininga vidare.
Les meir og søk her.
Søknadsfrist 15. juni.
Publisert 01.06.2026 13:33
Sist endra 01.06.2026 13:33