Leik er motor for språk – fagdag for alle barnehagane i Hareid

13. februar 2026 var alle tilsette i Hareid-barnehagane samla til fagdag med tema språk, leik og inkludering.

Seks personar framfor ein storskjerm det det står "Språk, leik og vaksenrolla" - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Laila Ringstad Bakkely, styrar i Norlandia Holstad og Jeanette Reiten, barnehagerådgivar i Hareid kommune. Foran frå venstre: Siw Olsen, styrar i Bigset barnehage; Solveig Ertesvåg, styrar i Syverplassen barnehage; Ingrid Huse, høgskulelærar Høgskulen i Volda og Trine Kupen Refvik, høgskulelektor Høgskulen i Volda. Hareid kommune

Dagen blei leia av Ingrid Huse og Trine Kupen Refvik frå Høgskulen i Volda, som begge underviser ved Institutt for pedagogikk. Fagdagen gav dei tilsette påfyll av både forskingsbasert kunnskap, refleksjon og praktiske verktøy til bruk i kvardagen.

 

Språkstimulering – heile barnehagedagen er ein arena for læring

Eit gjennomgåande bodskap var at språkstimulering skjer heile dagen, i alle situasjonar. Personalet har ei nøkkelrolle i å skape språklege møtepunkt som gjer barna trygge, nysgjerrige og aktive i dialogen.

Det vart løfta fram at god språkstimulering handlar om å:

  • auke barn si eksponering for språk
  • støtte deltaking i samtalar
  • tilføre språklege erfaringar
  • styrke barn sin lyst til å kommunisere

Eit sentralt tema var også kvaliteten på samspel. Forsking viser at kvifor og korleis vaksne involverer seg har stor betydning for barn si utvikling. Opne spørsmål, lytting, felles merksemd og emosjonelt nærvær er døme på strategiar som gjer samtalane rikare. Det vart særleg understreka kor viktig det er å vere merksam på dei stille barna, og aktivt invitere dei inn i samspel og dialog.

 

Leik er viktig

Leik var ein annan sentral del av dagen. Leiken blei løfta fram både som ein eigenverdi og som ein sterk motor for språk, sosial utvikling og inkludering. Deltakarane arbeidde med korleis vaksne kan støtte leiken utan å ta over, og korleis rom, materiell og struktur påverkar kva slags leik som får utvikle seg. Dei fekk òg reflektere over eige leikemiljø og korleis små justeringar kan skape meir inkluderande og engasjerande leikesoner.

Fagdagen gav både fagleg påfyll og rom for refleksjon. Barnehagane i Hareid jobbar målretta med språk, leik og inkludering – og dagen bidrog til å styrke eit felles grunnlag for vidare utviklingsarbeid.