Les ordføraren si helsing på sommarfesten for dei tilsette

Ordførar Bernt Brandal bak notestativ og mikrofon - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Kjære alle tilsette i Hareid kommune!

Eg er så heldig at eg har fått lov til å seie nokre ord til dykk.

Då vil eg vil nytte høvet til å fortelje at dei tre åra eg har arbeidd i kommunen, har vore utruleg lærerike og ikkje minst hyggeleg og inspirerande.

De som tilsette brenn for kommunen og arbeidet dykkar og eg veit kor viktig arbeidet dykkar er. Sjølv om det er nokre eg treff oftare enn andre og nokre eg kanskje ikkje har møtt i det heile, er det utan unntak ei positiv oppleving å få arbeide saman med dykk.

Dessverre får ikkje alle andre høve til å sjå den fantastiske innsatsen kvar enkelt tilsett legg ned. Eg kjenner meg derfor privilegert som får oppleve det, og nyttar eit kvart høve til å fortelje om det til andre.

Eg set umåteleg stor pris på innsatsen dykkar og vil takke dykk alle for det de gjer i kvardagen og den ekstraordinære innsatsen de har lagt ned dei siste åra. Det står det respekt av.

Det er organisasjonen totalt sett som utgjer Hareid kommune, men kvar einskild spelar ei avgjerande rolle og eit godt samspel mellom arbeidstakarar, einingar, sektorar og politikarane er ein føresetnad for at vi skal lukkast.

Vi skal gi gode tenester, vi skal forvalte og vi skal utvikle. Målet er å skape ei kommune som det er godt å bu i og vi skal legge til rette for auka inntekter i framtida.

Alt dette er like viktig, men komplisert og vanskeleg når dei økonomiske rammene er knappe. For å lukkast må vi vere kloke og tenke mange steg framover og innsjå at alt og alle verkar saman.

Det er vi som saman avgjer om vi skal lukkast og eg er overtydd om at vi gjer nettopp det!

Takk!