Pexels.com
Tidlegare i haust blei det meldt om seks tilfelle, ved to av barneskulane i Ulstein kommune, der barn skal ha blitt forsøkt lokka inn i bil. Tre av desse er no sjekka ut av saka, melder politiet i ei pressemelding.
Det har heller ikkje kome nye meldingar om liknande hendingar etter at politiet og Ulstein kommune informerte media, tysdag 25. november.
Politiet ønsker framleis tips dersom nokon kjenner seg att i hendingar der dei har hatt kontakt med ukjende barn ved Hasund skule 13. november og ved Ulsteinvik barneskule 21. og 24. november, då dette kan vere med på å avklare desse meldingane til politiet.
Politiet bed elles om at innbyggjarane framleis bidreg til å dempe spekulasjonar og ryktespreiing.