Meld deg på norskopplæring hausten 2025

Ønskjer du å lære norsk eller byggje vidare på det du allereie kan? Ressurssenteret i Hareid tilbyr eit breitt utval av norskkurs både på dagtid og kveldstid denne hausten. Kursa passar for både nybyrjarar og vidarekomne.

Sign up for Norwegian language training – Autumn 2025
Zapisz się na kurs języka norweskiego – Jesień 2025
Запишіться на курси норвезької мови – Осінь 2025
2025 سجّل في دورات تعلم اللغة النرويجية – خريف
Registruokitės į norvegų kalbos kursus – 2025 m. ruduo

 

Kurs på dagtid

Vi tilbyr tre kurs på dagtid. Kurs 1 er fire dagar i veka (måndag-torsdag). Kurs 2 og 3 er tre dagar i veka (måndag til onsdag) Undervisningstid alle dagar er  kl. 08.30–11.45.

  • Kurs 1: For nybyrjarar (nivå A1–A2)
  • Kurs 2: For vidarekomne (nivå A2–B1)
  • Kurs 3: For vidarekomne (nivå B1)

 

Kurs på kveldstid/kompetansekurs pluss

For dei som ikkje har høve til å delta på dagtid, tilbyr vi kveldsundervisning ein gong i veka (kl. 18.00–20.30):

  • Kurs 4: For nybyrjarar (nivå A1)
  • Kurs 5: For litt vidarekomne (nivå A2)
  • Kurs 6: For vidarekomne (nivå B1–B2)

 

Hareid kommune er autorisert tilbydar av Kompetansekurs pluss. Dette er for kursdeltakarar som har arbeidsgivar. Til desse kursa tek vi inn personar frå andre kommunar også.

 

Kursperiode

Haustsemesteret går frå 18. august til 19. desember 2025. Skuleåret er delt i to semester:

  • 1. semester: 18. august – 19. desember
  • 2. semester: 2. januar – 19. juni

 

Påmelding

For å melde deg på, fyll ut påmeldingsskjemaet med informasjon om:

  • Kursnummer
  • Namn og kontaktinformasjon
  • Nasjonalitet og personnummer
  • Arbeidsplass (om aktuelt)

 

Søknadsskjema (DOCX, 46 kB)

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Strandgata 57, 6060 Hareid
Postadresse: Hareid kommune, Ressurssenteret, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Telefon: 70 03 76 90 / 94 83 05 14
E-post: rsenter@hareid.kommune.no