Minneord Einar Holm

Einar Holm døydde fredag 6. august 87 år gamal.

Lillvar Jønsson  

Einar Holm var ein handlingens mann og ein bauta i lokal og fylkespolitikken. Han var medlem i kommunestyret i 32 år, hadde 28 år i formannskapet, 16 år som ordførar og 4 som varaordførar, og var nesten like lenge aktiv i fylkespolitikken. Einar Holm møtte også i Stortinget som vara.

Einar Holm var ein samfunnsbyggjar og lokalpatriot og djupt engasjert i alt som betydde noko for Hareid kommune heilt til det siste. Han hadde eit stort kontaktnett og eit auge for detaljar og løysingar.

Han kunne vere sterk og klar, og han kunne vere lun og diplomatisk i tilnærming til vanskelege saker eller problemstillingar.

I dei åra eg har vore med i politikken, har eg hatt mange gode samtalar med Einar, der han med innsikt og detaljert historiekunnskap har gitt gode innspel. Eg vil sakne desse samtalane.

Eg lyser fred over Einar Holm sitt minne

Bernt Brandal, ordførar