Mobildekning berre på utedo og utvida kjøkenteneste

Rundt 60 elevar frå 9. trinn ved Hareid ungdomsskule og fleire tilsette fekk ei minnerik oppleving på Reindalsetra i Tafjordfjella i haust. 

Personar på plen utanfor hytte. Bladlause tre og fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bileteElevane nytta mellom anna fritida til å spele fotball. Hareid ungdomsskule

Stegleiar Rune Rasmussen var om seg og svarte på ein konkurranse frå Den norske turistforeininga, som kunne freiste med gratis overnatting og transport til ei valfri DNT- hytte. Vi var heldige og vart plukka ut som vinnarar! 

Turen til Reindalsetra starta med ferje frå Hareid og vidare med buss innover. Elevane fekk raskt merke at dei hadde fått ein særs triveleg bussjåfør med på laget. Då bussen stoppa ved YX i Stordal, fekk alle høve til å kjøpe seg noko godt og nytte det som skulle vise seg å vere det siste skikkelege dobesøket på lenge.

Frå parkeringsplassen ved Zakariasdammen gjekk turen vidare til fots gjennom vakker Sunnmørs-natur i nydeleg haustprakt. I dei brattaste bakkane var det likevel nokre som byrja å tvile på om dette verkeleg var ein premie. Ein elev skal ha utbrote at dette måtte vere «den dårlegaste premien eg har fått nokon gong», til latter frå både medelevar og lærarar. Humøret steig heldigvis i takt med høgdemetrane.

elevar framfor turbuss ved Zachariasdammen - Klikk for stort bileteTuren frå Zachariasdammen til Reindalssetra er om lag 6 kilometer med stigning på 250 høgdemeter. Hareid ungdomsskule

Vel framme på Reindalsetra venta ei overrasking. Vasstilførsla til hytta var allereie stengd for vinteren. Dermed måtte vatn hentast i elva gjennom heile opphaldet. Lærarane fekk raskt erfare at matlaging, oppvask og anna kjøkkenteneste vart langt meir arbeidskrevjande enn dei var budde på.

Kvelden på hytta var prega av kortspel, fiske, fotballsparking, høg musikk, gode samtalar og mykje latter. Nokon prøvde seg på litt rangling. Turen gav elevane eit høve til å vere saman på ein annan måte enn i klasserommet. 

Mobiltelefonane vart samla inn for natta, slik at alle skulle få ein pause frå skjermane. Dekninga i området var elles så godt som fråverande, men etter kvart vart det kjent at den beste, og kanskje einaste, mobildekninga fanst ved utedoen. Dermed fekk utedoen fleire besøk enn det som strengt tatt var nødvendig.

to personar på ein trebru over ei elv. haust - Klikk for stort bileteTuren gjekk gjennom vakker Sunnmørs-natur. Hareid ungdomsskule

Mobilinnsamlinga førte òg til ei anna utfordring. Fleire elevar hadde gløymt å slå av alarmane sine før telefonane vart leverte inn. Frå klokka fem om morgonen byrja det å pipe frå mobilbunken som lærarane oppbevarte. Medan dei vaksne fekk ein noko tidleg start på dagen, sov elevane godt i etasjesengene sine.

Då heimturen starta dagen etter, viste vêret seg frå si aller beste side. Sola skein frå skyfri himmel, og fleire kunne vandre ned igjen i t-skjorte. Etter to dagar med frisk luft, mykje aktivitet og mange felles opplevingar var det ein nøgd gjeng som sette kursen heimover mot Hareid.

Trass i vinterstengd vatn, avgrensa mobildekning og alarmar som starta dagen før soloppgang, sit både elevar og tilsette att med gode minne frå eit vellukka opphald på Reindalsetra.

personar i sofa rundt eit bord - Klikk for stort bilete Hareid ungdomsskule person som står på ein odde og fiskar - Klikk for stort bileteFleire testa fiskelukka på turen. Hareid ungdomsskule