Monumentet på Ovrasanden er endeleg vaska og stelt!

Sjølv om vi har hatt nok regn i sommar, var det sterkare lut som måtte til for at monumentet vårt skal framstå lyst og flott.

Bilete viser skulptur med vikingtema på Overåsanden - Klikk for stort bilete Harald A. Berstad

  

Det som har vore gjort no er syrevasking og spyling - og deretter påføring av eit lag med primer som gjev ei hinne som hindrar groe.

Jobben er utført av Elementmontering, som har høg kompetanse innanfor betongfaget, og ein set stor pris på at dei kunne stille på kort varsel!

Framtidig vedlikehald av monumentet vil inngå i vedlikehaldsplan for Ovrasanden og ha eit intervall på kvart 2. år.

Biletet viser eit monument med himmelen som bakgrunn - Klikk for stort bileteDet ti meter høge og totalt sytti tonn tunge monumentet vart sett opp i 1986 i høve tusenårsjubileet for slaget i Hjørungavåg i 986. Harald A. Berstad