Nest beste hjortetelling på 19 år

Berre i 2016 blei det registrert fleire hjort på Hareid under vårtellinga.   

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Foto: Ixitixel/Wikimedia commons Kvar vår blir det organisert teljing av hjort i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.
Det er omlag det same mannskapet som tel kvart år. Dei brukar lys frå bilen og tel hjorten som går på innmarka. Det vert plukka ut to datoar med 14 dagar imellom og teljingane startar ved midnatt.
Fyste teljinga er i siste delen av april og andre teljinga i månadsskifte april/ mai.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Snittet på dei to teljingane på Hareid var 242 dyr. (302 18. april og 189 2. mai). Det er det nest beste året sidan 2002, berre slått av 2016 (262 dyr).

Snittet for dei to teljingane i Ulstein kommune var 139. Her kan du sjå tala for alle kommunene på Søre og tal tilbake til 1998. (PDF, 522 kB)

Grasvekst og gjødselspreiing er avgjerande for kor mykje hjort mannskapet ser under teljinga.
Nokre stader ligg det fortsatt snø og vi har også opplevd å få nysnø fyst i mai. 

Tala frå vårteljinga gir saman med fellingstala frå jakta, og jegerane si registrering av kor mykje hjort dei har sett (Sett hjort data), eit godt faktagrunnlag for forvaltinga.