No blir det autovern langs Almestranda
Totalt skal det settast opp 1600 meter.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Vegen inn mot Alme sett frå Åsefjellet.
Erlend Friestad

Autovernet vil bli fordelt på dei strekka av vegen som er mest utsett for farlege situasjonar og utforkøyring.
Arbeidet skal starte i midten av august i veke 33. Entreprenør startar nærast Hareid og jobbar seg innover mot Alme. Vegen blir ikkje heilt stengt i arbeidsperioden, men vi ber trafikantar om å berekne god tid og køyre roleg, då det kan bli noko ventetid før ein slepp forbi anleggsmaskinene.
Buss vil gå som normalt.
Det er entreprenør Arvid Gjerde AS som har fått tildelt jobben.
Publisert 30.07.2024 12:01
Sist endra 08.08.2024 13:53