Renate Seljeseth Bøe
Målet med prosjektet er å styrkje ungdomsmedverknad og utvikle eit endå betre fritidstilbod for ungdom i kommunen.
Ungdomsklubben er for elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring. Dei nye tilboda er i hovudsak komne i gang.
Eit viktig vektlegging i prosjektet er å gi ungdomane større innverknad på aktivitetane og utviklinga av klubben.
Arbeidet med å etablere eit eige klubbstyre er godt i gang, og styret er snart på plass. Gjennom klubbstyret får ungdomane høve til å påverke innhaldet ved klubben og vere med på å forme framtida til den viktige møteplassen sin.
Jobb på klubben
Som ein del av kvalitetsløftet blir det også satsa på ungdom i løna arbeid. Om lag ti ungdomar har søkt om jobb på ungdomsklubben. Det er enno ikkje avklart kor mange som får jobb. Ungdomane skal vere aktive medspelarar i drifta og bidra til å skape eit inkluderande og triveleg miljø for alle. Dei skal hjelpe til med matlaging, tilrettelegging av aktivitetar og praktiske gjeremål, samtidig som dei fungerer som talerøyr for dei andre ungdomane.
Gjennom ansvar og medverknad får dei høve til å påverke innhaldet på klubben, utvikle eigne ferdigheiter og vere positive rollemodellar for andre. Dette gir verdifull erfaring, ansvarskjensle og ny kompetanse som dei kan ta med seg vidare.
Ope lenger
Takka vere støtta er opningstidene ved ungdomsklubben også utvida. Kvar måndag kveld blir det aktivitetsmåndag frå klokka 18.00 til 20.00, med varierte aktivitetar og innhald som i stor grad blir påverka av ungdomane sine eigne ønskje og interesser.
Torsdagane er klubben open frå klokka 14.00 til 21.00. Denne dagen vil ha særleg fokus på mat og matlaging, der ungdomane sjølve får vere med i heile prosessen frå planlegging til gjennomføring. Målet er å skape meistring, fellesskap og eigarskap til aktivitetane på klubben.
Gaming-turneringar
Gamingtilbodet blir samtidig styrkt gjennom eit samarbeid med Metizport, som har ansvar for gamingrommet og aktivitetane der. Dei legg til rette for ulike turneringar og sosiale møteplassar, bidreg til å styrkje ungdomane sin digitale kompetanse og skapar trygge arenaer for deltaking. Arbeidet har særleg vekt på inkludering, fellesskap og å motverke utanforskap, slik at fleire ungdomar kan oppleve meistring og tilhøyrsle.
Gjennom kvalitetsløftet blir det også ei auka satsing på bandrommet. Ungdomsklubben ønskjer å leggje betre til rette for musikkinteresserte ungdomar og arbeide aktivt for å rekruttere fleire band og musikarar. Bandrommet skal vere ein arena der ungdom kan utforske musikalske interesser, øve saman med andre og utvikle ferdigheiter i eit trygt og positivt miljø.
Alle dei nye tilboda kjem i tillegg til dei ordinære opningstidene på ungdomsklubben, som er måndag til fredag frå klokka 14.00 til 16.00.
Aktivitetane er gratis. Oppdaterte opningstider finn du her:
Opningstider
Informasjon om matservering og aktivitetar blir annonsert på tavla i ungdomsklubben.
Renate Seljeseth Bøe