No blir «Vekst i Hareid» avslutta: Dette har vi fått til

Etter sju år blir omstillingsprogrammet «Vekst i Hareid» no avslutta. Programmet vart starta i 2019 for å møte ei krevjande tid for det lokale næringslivet – og resultata viser at satsinga har hatt stor betydning for utviklinga i kommunen.

to personar som står ved sjøen. - Klikk for stort bileteAvtroppande prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, og ordførar Bernt Brandal er nøgde med resultata til omstillingsprosjektet Vekst i Hareid. Christine Erdal skal no ha stillinga som dagleg leiar i næringslivsfinaniserte Hareid Vekst. Erlend Friestad

– Vekst i Hareid har vore meir enn eit prosjekt. Det har vore ein katalysator for samarbeid, utvikling og framtidstru. Saman med kommunen og næringslivet har prosjektet vore med på å skape aktivitet, sikre og utvikle arbeidsplassar og styrkje trua på kva vi kan få til i Hareid, seier ordførar Bernt Brandal.

 

Næringslivet avgjerande

Bakgrunnen for etableringa var ein kraftig nedgang i det maritime næringslivet i perioden 2015–2017. Fleire hjørnesteinsbedrifter vart lagde ned eller flytta, noko som førte til auka arbeidsløyse og færre arbeidsplassar i kommunen. 

Hareid fekk difor status som omstillingskommune, og «Vekst i Hareid» vart sett i gang for å bidra til ny næringsutvikling, fleire arbeidsplassar og eit meir robust næringsliv. «Vekst i Hareid» har hatt eit samla budsjett på om lag 18 millionar kroner. Finansieringa har vore eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Hareid kommune og det lokale næringslivet. 

– Det sterke engasjementet frå næringslivet har vore heilt avgjerande. Vekst i Hareid har vist kor mykje kraft som ligg i godt samspel mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn. No blir det viktig å ta med seg den arbeidsmåten vidare i Hareid Vekst, seier Brandal.

 

Tydelege resultat etter sju år

Gjennom omstillingsperioden er det gjennomført ei rekkje prosjekt for å styrke både næringsliv, bustadattraktivitet og Hareid som besøksstad.

Ein sluttrapport frå Oxford Research viser at satsinga har gitt tydelege resultat:

  • om lag 205 arbeidsplassar er skapt eller sikra i perioden
  • verdiskapinga i næringslivet har auka betydeleg 
  • arbeidsløysa har gått ned 
  • folketalet har auka 
  • næringslivet er blitt meir variert og robust
  • auka optimisme og framtidstru hos innbyggarar og næringsliv

 

Her kan du lese heile sluttrapporten. (PDF, 712 kB)

Samla sett konkluderer evalueringa med at omstillingsprogrammet har vore «svært vellykka». 

– Med det utgangspunktet og dei utfordringane prosjektet blei gitt ved oppstarten, er det gledeleg no å kunne konstatere at dei ulike målsettingane faktisk er oppnådde, seier styreleiar Karl-Johan Bakken.

Han peiker på at betre samhandling mellom kommunen og næringsliv har lagt grunnlaget for fleire av dei positive resultata som har kome ut av prosjektet.

 – Innanfor tema som styrka konkurransekraft og auka bulyst er det gledeleg å sjå at prosjektet har bidratt, faktisk i betydeleg grad, seier Bakken.

 

Viktig kompetanse og nye møteplassar

I tillegg til konkrete resultat har prosjektet bidrege til å bygge nettverk, møteplassar og samarbeid på tvers av næringsliv, kommune og andre aktørar.

Evalueringa trekkjer fram at programmet har styrkt utviklingsevna i næringslivet og lagt eit godt grunnlag for vidare vekst. 

 

Arbeidet held fram

Sjølv om «Vekst i Hareid» no blir avslutta, held satsinga på næringsutvikling fram. Arbeidet blir vidareført gjennom det nye, privatfinansierte selskapet Hareid Vekst AS, som vart etablert i 2026. 

Dette skal sikre at erfaringane, nettverka og utviklingsarbeidet frå prosjektet lever vidare.

– Det er bra, og ikkje minst viktig å vidareføre næringsutviklinga no når vi har ekstra utfordringar knytt til kommunal økonomi. Det er svært positivt at næringslivet no har teke initiativ til Hareid Vekst AS, som vidarefører arbeidet og engasjementet frå prosjektperioden.

– Samhandling og felles løft gir betre resultat for alle – og så er det langt meir triveleg, seier Bakken.

 

– Eit stort privilegium

Dagens prosjektleiar Christine Erdal trekkjer fram utviklinga dei siste åra som noko heilt spesielt å få vere ein del av:

– Det har vore eit stort privilegium å få vere prosjektleiar i Vekst i Hareid, og å få vere med på den positive utviklinga vi har sett i kommunen. Eg opplever eit næringsliv med vilje til samarbeid og utvikling, og ein kommune som jobbar stadig tettare med næringslivet.

Ho peikar på at det viktigaste kanskje ikkje er det som let seg måle:

– Vi har fått meir optimisme og framtidstru i Hareid. Det gir eit sterkt grunnlag for vidare utvikling.