No er gangvegen ved friidrettsbanen open att

Frå 30. juni er gangvegen på austsida av friidrettsbanen open igjen. Etter ei periode med stenging og anleggsarbeid, har strekninga blitt oppgradert – til stor nytte for alle som ferdast i området.

nyasfaltert gangveg med bom - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Oppgraderinga gjer det både tryggare og enklare å ta seg fram mellom indre Hareid og sentrale målpunkt som barneskulen, ungdomsskulen og idrettsanlegga. Gangvegen er mykje brukt i kvardagen, særleg av barn og unge.

 

Frå grusveg til trygg og framkomeleg gangveg

Tidlegare var dette ein ujamn og til dels krevjande grusveg. Med nytt dekke og lyktestolpar har området fått eit tydeleg løft. No er det enklare å gå, sykle og ferdast med til dømes barnevogn eller rullestol. Betre lys gjer også strekninga tryggare i mørketida og asfalten gjer det lettare å brøyte om vinteren.

 

Fiberutbygging utløyste oppgraderinga

Bakgrunnen for arbeidet er utbygging av fiber til dei nye omsorgsbustadene på Pålhaugen. I samband med dette vart gangvegen stengd medan arbeidet gjekk føre seg.

Når arbeidet først skulle gjennomførast, vart det lagt til rette for å oppgradere heile gangvegen. Resultatet er ein langt betre standard enn tidlegare.