Erlend Friestad
Målet med prosjektet har vore å skape noko som kjem fellesskapet til gode, og å bidra til trivsel, bulyst og stoltheit.
– Motivasjonen min har heile tida vore å skape noko fint som skal kome til heile samfunnet vårt til gode, sa Lillebø i si tale under overrekkinga 11. juni.
Ei gåve til fellesskapet
Kunstverket dekkjer heile endeveggen på rådhuset, og er laga av den internasjonalt anerkjende kunstnarduoen Snik frå England. Dei er kjende for store veggmaleri i byar over heile verda. Du finn verk av dei i Berlin, Paris, London, New York, Hong Kong – og no har dei også sett sitt preg på Hareid.
Kunstverket er eit stort kvinneportrett omgitt av blomstrar. Bakgrunnsfargane er mørkegrøn med innslag av turkis, lilla og rosa. Fargane er inspirert av lokale blomstrar – mellom anna røsslyng, og fargane frå fjord og fjell. Det var også eit poeng av kvinna ser utover mot havet – men utover det ønsker kunstnarane at vi sjølv tolkar motivet.
– Hareid har alltid vore knytt til havet, til reise, til mot – og til menneske som har sett utover horisonten, frå vikingane til fangstfolk i polarområda og dagens sjøfolk.
På den måten kjennest dette kunstverket djupt forankra i identiteten vår. Det gir bygda eit sterkt nytt visuelt landemerke, og det speglar både historia vår og framtida vår, fortalte ordførar Bernt Brandal i takketalen sin.
- De inspirerer oss, løfter oss og gjere oss stolte, sa Kim Lillebø til Nik og Laura i kunstarduoen Snik (t.h.)
Erlend Friestad
Lokal kontakt ein del av kunstverket
Kunstnarane Nik og Laura frå Snik har sjølve trekt fram møtet med lokalsamfunnet som ein viktig del av arbeidet:
– Vi har hatt mange fine samtalar gjennom veka med folk som har gått forbi og følgt med på korleis veggen litt etter litt har teke form. I samtalane har dei delt historier om Hareid og landskapet rundt. Den kontakten har blitt ein del av sjølve verket. Lokalsamfunnet har teke imot kunstverket med ein varme og entusiasme som har gjort det heilt spesielt for oss å få vere ein del av dette.
Snik har jobba på rådhusveggen sidan laurdag 6. juni. Fyrst la dei på ekstra bakgrunnsfargar på veggen, før dei starta på sjablongane. Desse har dei tapa på éin etter éin før dei har spraya med kvitmaling. Og det har vore mange sjablongar – over 100 meter til saman. Delar av veggen er også handmala for å sikre at alle detaljane er slik kunstnarane ville ha dei.
Mesteparten av arbeidet har likevel vore i forkant. Alle sjablongane er nemleg skjert ut for hand med skalpell. Ein heil månad gjekk med til denne prosessen, som er ein viktig del av identiteten til kunstnarane – logoen deira er nemleg to skalpellar.
– Arbeidet dykkar er både nitidig, presist og kreativt på same tid – noko som ikkje er lett å kombinere. Det krev også enormt med fokus og tolmod over lang tid, og eg er svært imponert over arbeidsinnsatsen dykkar og korleis dette flotte veggkunstverket har teke form. De fullfører ikkje berre eit veggmaleri i dag – de inspirerer også folk, løftar stemninga vår og gjer oss stolte av lokalsamfunnet vårt i mange år framover, sa Kim Lillebø til kunstnarane.
Snik har hatt med seg fotograf Ian Cox som har dokumentert prosessen med film og bilete.
- De har gjort Hareid endå vakrare, var meldinga frå ordførar Bernt Brandal til Nik og Laura i Snik.
Christine Erdal
Nokon må ha ideen og tru på han
Ordføraren trekte fram Kim Lillebø sitt initiativ, vilje og engasjement for å få til kunstverket.
– Slike prosjekt skjer ikkje av seg sjølv. Nokon må ha ideen, tru på han, samle folk, bidra med både tid, krefter og ressursar – og stå i arbeidet heilt til målet er nådd. Det har du gjort.
Han løfta også fram samarbeidet som gjorde kunstverket mogleg:
– Slike prosjekt skjer ikkje av seg sjølv. Dette viser noko av det beste med Hareid – at folk stiller opp når nokon vil skape noko positivt, sa ordføraren.
Brei lokal innsats
Lillebø sjølv var også tydeleg på at prosjektet ikkje let seg gjennomføre åleine.
– Eg står ikkje her aleine. Dette prosjektet kunne aldri blitt til utan ein enorm mengd støtte, både økonomisk og praktisk, sa han.
Han trekte særleg fram samarbeidet mellom bankar, lokale verksemder og kommunen – og betydninga av at så mange har stilt opp:
– Eg vil at dette skal minne oss om at vi har ein sterk evne til å samarbeide her på Hareid.
Sparebanken Møre har gitt 75.000 kroner og SpareBank 1 SMN har gitt 50.000, medan fleire lokale aktørar har stilt opp med praktisk arbeid, fortalte Lillebø – som sjølv betalar det som ikkje blir dekka av sponsorane.
Dei lokale verksemdene som har bidrege er Ward1 som har vaska veggen og måla han med presisjon og kvalitet, Hareid Elektriske som har tatt seg av demontering av lamper og parkeringsautomat og Oskar Grimstad som har retta opp takbeslaga.
Tidspunktet for ferdigstillinga var ikkje tilfeldig. Kunstverket vart ferdig like før Hareid tek imot sitt første cruiseskip – ein milepåle for bygda.
– Ønsket mitt er at folk skal stoppe opp, sjå og kanskje starte ein samtale om kva som rører seg rundt oss, sa Lillebø.
Kunstarane, fotograf Ian Cox og Kim Lillebø fekk gåver dei kunne ta med heim som minne: mjølkesjokoladehjarte, Kvikk Lønsj ("Better than KitKat - ifølgje Laura), Hareid-nett og ein heilt fersk fotobok frå Hareid laga av Erlend Friestad. Frå venstre: ordførar Bernt Brandal, initiativtakar Kim Lillebø, kulturleiar Melinda Skeide, kommunikasjonsrådgivar Erlend Friestad - og Snik som består av Laura og Nik.
Christine Erdal
Laura og Nik fekk også to hettegensre med logoen til det norske fotballandslaget - i tilfelle England rauk ut og dei trengde eit anna lag å heie på.
Erlend Friestad